søndag 23. januar 2011

Fest og gaman

Sidan sist har mannen min blitt ein aldrande mann. Eg ertar han med at han no er i ein HEILT annan kategori enn meg, for han er mellom 40 og 50, eg er framleis mellom 30 og 40.
Den store dagen var onsdag, då hadde vi ei kake i bakhand til gjestar som kunne finne på å stikke innom. Smart trekk på 40-årsdagar, trur eg;)

Sidan laurdag er ein betre dag for selskapeligheiter, inviterte vi familien til feiring i går. I tillegg fylte pappaen min 68 år i går, så vi feira han også litt samtidig! Det var ein fin dag å vere inne på, og vi hadde bestilt tapas frå Hareid Hotell. Absolutt godkjent:) Vi fekk god mat, i rikelege mengder. No supplerte eg med gryterett og pølse med brød for å sikre at både dei eldste og dei yngste skulle få noko dei ville like. Alle var vel fornøgde!

Eg kunne kanskje klart å lage mesteparten av desse rettane sjølv. Det hadde krevd intens leiting etter oppskrifter og ingrediensar. Resultatet hadde ikkje blitt så bra, og eg hadde vore superstressa i lang tid. Så dette var ei god løysing!

I dag har vi hatt tapasrestar både til frukost og middag. Ikkje dumt:)

Så då spørs det kva eg skal finne på når det er min tur å bli 40. Det er heldigvis 4 mnd igjen til det....

7 kommentarer:

Hilsen Bodil F.T. sa...

Gratulerer til mannen!!
Har du laga kaka selv? Den så proff ut, og sikkert god ;)

Tapas så spennende ut!!

Strikkebesta sa...

Tapas! Que rica! Dette ser skikkeleg godt ut, masse ulike smakar der alle kan finne sin favoritt:) Gratulerer med ein mann i sin beste alder, du veit, life begins at.. osb....:) Visste du forresten at tapas vart til i Spania ein eller annan gong fordi dei hadde behov for å dekke til vinglaset sitt når dei var ute og tok seg eit glas før middagen?

Greta sa...

Fornuftig måte å feire på. Ikkje stresse masse sjølve, men ha muligheita til å nyte dagen både jubilant og make. Tapas er godt og prktisk.
Du får nyte un gdomstida så lenge du kan da. Unge dame

Frau Putz sa...

4 måneder er væææææældig lang tid at drille din mand med hans MEGET fremskredne alder ;)
Desværre er det omvendt her i huset. Her er det jeg, der har fødselsdag i februar og manden i august. Meen... der er mere end et helt år til jeg rammer 40-50 års segmentet ;)

Så fantastisk fin kage - og jeg er stor fan af tapas. Knaldgod idé med tapas udefra til en sådan fest. Det tror jeg, at jeg skal forsøge engang.

Mange fødselsdagshilsner til den unge dame og hendes gaaamle mand ;)

~ Karina

solveig sa...

Maten ser kjempegod ut!
Det er no kjekt med mat som andre har laga for dei som "kokar støtt".
Gratulerer med overstått!

Annika sa...

Så godt det såg ut!!

Eg skal love deg, Mitzi er langt frå sprek alle tider. Ho ligg som regel innandørs å søv 23 timar av døgnet ;) Trur det er slik for kattar flest no i vinter :)

Sidselsidserk sa...

Vel overstått feiring - gratulerer til begge bursdagsbarna:-)
Kos deg med restene - de smaker jo like godt til middags og kvelds