søndag 30. januar 2011

Jepp, eg er ein engel!


Eg er i alle fall englevakt:) I helga har mange tusen born over heile landet vore tårnagentar i kyrkjene sine, faktisk over 600 kyrkjer! Det er eit spennande opplegg for 8-åringar, og Prinsessa mi har vore mange timar i kyrkja i går og i dag. Tårnagentane fekk agentbevis, agentbuff og nødvendig agentmat. Tårnagentane har sin eigen song, som dei lærte og framførte under gudstenesta i dag. Dei hadde besøk av ein kjekk politimann som fortalde om korleis ein kan leite etter spor. Og så fekk alle leite etter spor av Jesus i kyrkja, før dei måtte bruke lommelyktene sine på tur heilt opp i kyrkjetårnet. Der fekk dei sjå klokkene på nært hald!


Eg har av og til sagt at det hadde vore fint å ha ei nyare kyrkje. Moderne kyrkjer har mange kvalitetar som vi ikkje har i vår gamle. For eksempel fleire rom å fordele seg i, til gjennomføring av måltid og ulike aktivitetar. Men kyrkjer frå 1877 er meir spennende når ein skal til toppen av tårnet:)

Gudstenesta i dag var ganske annleis:) Borna tok del i svært mange innslag, med lesing, drama, song og prosesjon. Og på slutten kom ballongar dalande frå galleriet, og agentane fekk sprekke ballongar i kyrkja! Inni ballongane var det siste oppdraget gøymt. Morsom helg!

1 kommentar:

Strikkebesta sa...

Det er så flott når borna får tileigne seg heimekyrkja si:) Ser ut som Tårnagentane er eit supert opplegg! Og jammen er ho fin, Hareidskyrkja!