søndag 16. januar 2011

Langvarig kjærleik

Forelskinga frå fredag har vidareutvikla seg. No har vi gått eit steg vidare, det knø-frie brødet og eg. I går laga eg deiga med kli, og i dag har eg kosa meg med kveldsmaten... Grovbrød med Blå Selbu, det er snadder:)

Oppskrifta fann eg på bloggen Mat på bordet, link i forrige innlegg.
No brukte eg 40 gram kli, 460 gram kveitemjøl, og så 4,5 dl vatn, 1/4 ts tørrgjær, 1,5 ts salt.
Rett og slett godt brød.
Skorpa vart ikkje fullt så sprø som det fine brødet, men veldig god likevel.

Elles har eg enno ikkje kjøpt broddar, og eg angrar. I dag var eg lur, og gjekk til garasjen med tova tøfler utanpå skorne. Då var ikkje den speilblanke isen noko problem:)
Kanskje må eg gå til barnehagen og jobben i morgon, fordi bilen ikkje klarer å kome seg opp til vegen. Då blir det nok med tøflebroddar på;) Kanskje nokon syns det ser ørlite rart ut???? Jaja....

3 kommentarer:

Stubbetufsa sa...

Du, vær no forsiktig med de tøflene! Rett som det er så er føret slik at du flyg bortetter med dem! Uansett kor mye brød du har spist!
Klem!

Siddis back home sa...

Eg må bare prøve å lage det brødet! Ha en fin uke!

Strikkebesta sa...

Takk for tips om oppskrift:) Skal nok prøve den grove typen med det fyrste! Ha ei fin veke, med dette veret er det nok ikkje lenge før all isen er feia vekk av regn og vind:)