onsdag 16. februar 2011

Små detaljar med store konsekvensar


Eg har byrja å bestille kontaktlinser på nettet. Det er enkelt og praktisk, og eg har gjort det med stor suksess ein gong tidlegare. No var det nesten tomt, og eg bestilte nye linser. Godt fornøgd, linsene kom kjapt, og vart sett i skapet på badet. I går kveld passa det godt å bytte linser, så eg kasta dei gamle og ville ta på nye i dag.

Eg stussa umiddelbart litt, og måtte sjekke om eg hadde klart å bomme, slik at linsa ikkje var på plass. Jauda, den var der. Men den verka liksom ikkje.... Merkelege greier.

Etterkvart kom eg på å sjå på pakken, om det var noko rart med linsene. Neida, linsene var akkurat som dei skulle, bortsett frå at eg brukar -7,5 og no stod eg her med +7,5. Høgst sannsynleg var det min feil, eg tenkte nok ikkje heilt ferdig då eg bestilte.

Krisa var total! Ingen linser, heller ikkje ein rest av dagslinser som eg har hatt liggande. Men eit desperat søk gav delvis resultat: Ei enkelt dagslinse som hadde blitt liggande att i ei toalettveske. Og så stal eg ei linse frå gubben.... Den var litt for svak, men akseptabel. Sjølvsagt kunne eg brukt briller, men dei er velbrukte, skeive, med stygge striper på glaset som gjer at synet vert påverka. Så briller var faktisk ikkje eit aktuelt tema;)

Eg fekk raskt beskjed om at nettleverandøren ikkje tek imot opna pakkar i retur. Og eg hadde jo opna to av 6-pakningane. Men linser måtte eg ha! Etter jobb gjekk turen til optikaren min: Havblikk Optikk. Der har eg verdas mest sjarmerande optikar, som straks var på hogget for å hjelpe ein stakkar i nød. Enden på visa var at eg gjekk derfrå med linser med korrekt styrke, og med avtale om å kome om nokre dagar for å hente dei resterande.

Eg var imponert over at han glatt tok imot dei linsene eg ikkje fekk returnere, sjølv om pakningen var opna. Service, ja?

Havblikk vart kåra til årets handelsbedrift i fjor, og det er med god grunn!

4 kommentarer:

Solfrid sa...

God service er viktig!

Eg er kunde hos Interoptik og får linser sendt hjem i postkassen en gang i måneden, enkelt og greit!

Lykke til med neste linsebestilling, husk å bestille rett styrke neste gang :)

Solfrid

Greta sa...

Riktig styrke er viktig om det er briller eller linser. God service er også veldig viktig. ein betaler gjerne litt meri viss servicen er god. så du holder deg vel til din lokale linse langer heretter :=).
Ha ei super helg

Anonym sa...

Huff stakkars deg- med feil styrke..
Jammen er det godt at du har så flott optikkar nær deg!
Hunden har ete opp brillene mine og eg går å ventar på nye!Det er ikkje spøk når ein ikkje ser skikkeleg!

Mariann S sa...

Kor bra at det ordna seg :) Hipp Hurra for Havblikk, god service er viktig :) God helg :)