lørdag 5. mars 2011

Det vart vinter igjen!


Det snør, det snør, tidelibom. Og det kan vere ein liten (tideli)bom at eg rydda i blomsterbedet på mandag... Då var det strålande sol og mildt, rett og slett høg vår-faktor. Og kva skjer no? Dei stakkars små blomstrane er jo nakne. Jaja, dei hadde ikkje akkurat byrja å spire, det var stort sett ganske dødt over heile fjøla. Blomstrane er smartare enn meg. Huff, tenk å vere dummare enn ei plante, det er ikkje høg IQ her, skjønar du...

Jentene er glade for litt snø igjen, så dei leika ute og laga den forhåpentligvis siste snømannen for sesongen? Han er ikkje så stor, hatten er ein plastkopp. Men han tek igjen i sjarme det han manglar i storleik:)
I dag er det altså enda ein stor VM-dag. 3-mila fekk fram tårene i augekroken både hos meg og andre. Det var så flott å sjå at Therese Johaug endeleg fekk alt til å klaffe, og ho gjekk jo som ei rakett! Heilt utrulig for ei fart ho klarte å sette opp! Og så søt som ho var, med norsk flagg-sløyfe i den lyse fletta:)NB: Bildet er henta frå Dagbladet:)

I dag er vi forresten brått heime åleine, sidan jentene overnattar med farmor og farfar. Det hadde vi ikkje planlagt, så vi vart litt perplekse.Kva gjer vi no?? Det ordnar seg jo alltids, så no har vi avtalt med minstesystra at vi skal på besøk til dei og ete raclette. Det blir spennende nok, eg har ikkje heilt kontroll på kva eg skal vente meg;)

5 kommentarer:

Greta sa...

Kosa meg og tørka tårer uder tremila eg og.
vi får vi håpe at dette var siste krampetrekning av vinteren og at våren kjem over helga. Sjølv om eg tviler på det.Ha ein fin kveld

Irene sa...

Herlig snømann!
Ja, lønner seg sjeldent å rydde for mye på vegne av naturen.....

Gratulerer til deg og oss alle - vi har verdens beste skiløpere - igjen og igjen og igjen!!

Nena sa...

For en utrolig sjarmerende snømann! Så deilig med en "frikveld", håper dere har kost dere :) Ønsker deg en fin fastelavenssøndag :-)

sipusa sa...

Plantene har veldig god greie på det de har greie på, for de står det om liv og død vet du, så ikke noe gæærnt i å ta mer feil enn de på akkurat denne fronten:-)

Ser ikke på VM så akkurat der er jeg vel ikke så med, men jeg må innrømme at hvis jeg er på besøk og hører kubjellene på tv blir jeg litt tankefull og smiler for meg selv fordi det minner meg om når jeg var lita og faren min så på ski, sola skinte gjennom de store vinuene i stua vår. Fine minner altså. Derfor jeg ikke ser VM så klart, for å få beholde de minnene knytta til lyden;-)

arieldog sa...

Den snømannen var skjønn, då! Snøen er kjekk for ungane, som får så mykje meir å styre med ute.