fredag 11. mars 2011

Eg- eit luksusdyr:)


Eg kan vel ikkje akkurat skryte av å vere eit luksusdyr sånn til vanleg... Men sidan det ikkje skjer så ofte, kjennes det som god luksus å få ei natt på hotell av og til! Eg er litt engasjert i FO, Fellesorganisasjonen. I går var det årsmøte og i dag årsmøteseminar, og då fekk eg vere litt luksusdyr:) Jaja, det var ikkje noko slaraffenliv, faktisk var det lite ledig tid i løpet av opphaldet. Men det gjer ikkje noko! Eg har aldri før budd på Rica Seilet i Molde, og det var ei hyggeleg oppleving.
Dei er veldig stolte av Bjørnstjerne Bjørnson, det var massevis av bilete av han overalt;)
Men sjekk "pausematen" i øvste venstre hjørne! Det var sjølvsagt stor tilgang til frukt og kaffi/te i alle pauser, men eg har aldri sett denne løysinga før: Store Norgesglas med ulike lekre ting, som potetgull, tortilla-chips, nøtter og rosiner, kjeks av ulike typer. Enkelt, dekorativt, snadder:) Under snadderet har eg bilete av utsikta frå romet mitt!

Elles har eg strikka eit par sokkar, og eg trur kanskje at kvite sokkar kan kallast litt luksus også.... I alle fall er det vel ikkje smart dersom ein skal sleppe å vaske dei kvar dag! Men sokkar var eit krav i alongen Topp til tå, så då strikka eg eit par til meg sjølv.

6 kommentarer:

Annika sa...

Eg likar Rica Seilet!! Har bodd der to gongar faktisk, kjekt hotell! :)

gyldenkron sa...

Aaaahhhh, så deilig å være luksusdyr av og til. Vi skal feire 95-årsdag på hotell i vår, og hadde tenkt å ta oss en overnatting i den forbindelse. Men med de prisene de opererer med, så blir det med middagen, hehe.
Flotte sokker

Greta sa...

Det er deilig å ha litt hotel luksus ein gong iblant. Liker det eg og ja. Men det vert ikkje ofte og da må man jo bare nyte det når ein kan.
Skjønne sokker. Treng jo ikkje gå å labbe rundt med dem, men ha dem på i sofen elelr godstolenm. ha ei fortsatt flott helg. klem

Hilsen Bodil F.T. sa...

Den aller beste luxusen må være dei kvite sokkane du har på!!!

Stubbetufsa sa...

Jeg likte også hvit-sokk-luksusen best!
God helg!

medina sa...

Herlig med litt luxus av og til, bare det ikke blir hverdagen som er sånn. Tror hotell er best av og til. Sokkene var skikkelig lux.