søndag 27. mars 2011

Supermjuk og deilig kjole:)

Minstemor har fått ny kjole. Denne er dels eigenkomponert, dels strikka etter oppskrift. Eg fekk noko spennande garn frå Molde for noko sidan, og bakgrunnen for det blogga eg om i dette innlegget. New Zealand lammeull var eit nytt bekjentskap for meg, og eg leita ei stund etter eit prosjekt å bruke det på. I leitinga kom eg over Non-stop-top. Denne linken til ravelry er til det engelske mønsteret, men det er der også på norsk. Og så er det jo noko med minstemor i heimen, ho er veldig glad i kjolar....

Og eg likar å strikke kjolar:)

Så dermed vart det ein nonstop-kjole! Denne oppskrifta er super, eg kjem til å strikke fleire plagg med utgangspunkt i den. Den er strikka frå toppen og ned, og eg måtte feste ytterst få trådar då eg var ferdig. Ingen saumar, ingen plager. Og ikkje behov for den forhatte symaskina.

No heldt eg på å gløyme at eg brukte dobbelt garn. Eg fann eit anna nytt bekjentskap, Sandnes Silk Mohair. Tilsaman vart dette mjukt, varmt og deilig. Og fargekombinasjonen vart også lekker, med det lyse rosa saman med det raudlilla. Prikken over i-en vart at minstemor fann ein knapp som passa perfekt:)

Fargen er vanskeleg å gjengi, men bileta med den grå bakgrunnen stemmer best.

Om du er nysgjerrig på kva eg gjorde, kan eg jo fortelle at eg var flink jente og fulgte oppskrifta ned til livet, og så gjekk eg over til glattstrikking. Eg sette inn 4 markørar, og auka på begge sider av desse, omtrent kvar 5. omgong. Eg veit ikkje kor mange masker eg hadde til slutt. Denne oppskrifta er visst på linje med besta sin "mjøl til passe deig". Det er litt opp til kvar enkelt kva som er passe;)

6 kommentarer:

Leei sa...

Den kjolen ser jo super ut! Ein god idè som eg skal vurdere å kopiere, viss eg får tid...

Ugla sa...

Den ble kjempesøt. Jeg har aldri tenkt over denne varianten av kjole. Jeg strikker riktignok denne mønsteret til kjole til meg selv, men da er det glattstrikk etter armfellingen. Du vet tettsittende på voksne damer... ;-D

Greta sa...

Den ble skjønn. eg gjekk inn på ravelry, men er ikkje mye kjent der. fann ikkje noen norsk oppskrift eg.
Det var ein vldig lur vri som eg har lyst til å kopiere.
Ha ein super dag. klem

tintin sa...

Spennende strikkemåte! Kunne passe godt for meg som egentlig ikkje kan fordra å feste en tråd - kan bli både genser og tunika av den patenten vil eg tru.

Monstermønster sa...

Superfin og lurt! Tror jammen jeg skal prøve det en annen gang.

Anonym sa...

Denne var jammen fin! Takk for tipset!