tirsdag 1. mars 2011

Ting å bruke tid på

Det er vinterferie denne veka, og eg har nokre dagar fri. I går hadde vi ein perfekt dag, med strålande sol, begge jentene heime frå barnehage og SFO, og ingen planar. Vi gjekk ein tur, fekk ordna nokre små ærend, gjort reint i kaninburet og rydda i blomsterbedet. Og så ville Prinsessa besøke ei venninne, og då måtte minstemor få lov til å bake bollar. Det vart til og med skillingsbollar, eller kanel i svingane. Nydeleg! Sjølv om minstemor åt meir av deiga enn av dei ferdige bollane.... Ho er gal etter deig;)

I dag hadde vi heller ikkje store planar. Men jammen går det an å bruke lang tid på ein tekopp når postkassa inneheld slike ting som dette:

Den store norske mor og barn-undersøkelsen, ja. Det er greitt å vere med på slikt, men jammen tek det mykje tid å fylle ut skjema! Heldigvis er det ikkje så ofte dei kjem. Dette var til ære for Prinsessa som er 8 år, og så vidt eg veit er det nokre år til neste gong. Men det kjem jo nokre som gjeld minstemor også, og det er sikkert ikkje veldig lenge til neste der:)

Og når Kamille dumpar ned i postkassa mi på ein fridag, er det uråd å la det vente. Så då vart det ein ekstra kopp te, gitt!

Det er andre ting å bruke tid på også! Til dømes svigerinner som fyller 40 og svigerfedre som fyller 70. Det vart eit flott selskap av det. Og eg kunne ikkje la gåva (eit gåvekort på hudpleie/massasje etc) vere så tynn og kjedeleg. Eg putta like godt to Sterk-nøste i ei gåveboks, og gøymde gåvekortet under. Ansiktet til jubilanten då ho opna gåva var herleg;)

Underhaldninga er sikra når Musikanten slår seg saman med tanta si, som er musikkskulelærar. Vakkert!


7 kommentarer:

Greta sa...

For ein herlig vinterferie du har laga deg. God tid om morgonen, tid til å gjøre noe ekstra med dine kjære døtre. da er jo livet godt å leve. fortsett med det du. klem

Tebasile sa...

Så koselig en blogge du har. Hyggelig å besøke deg.
Ha en fortsatt fin vinterferie.

Timotei sa...

Hei!
Det gikk med akkurat ett nøste Incawool til vottene jeg strikket. Anbefaler å tove dem veldig forsiktig :)

kuriosa sa...

Koselig med ferie.
Jeg må også huske å kjøpe Camille, ei av jentene som "elsker kroppen sin" er kollega og nabo. Ei grepa tøff dame!
God ferie videre.

Liv-Toril sa...

Har vært en tur innom. Hyggelig.

mimouna sa...

Koselig med dager uten bestemte planer, med tid til bollebaking og en ekstra kopp te.

Kjekk gave, og en veldig blid jubilant ser det ut til. :o)

Sisselshverdag sa...

Rydda i blomsterbedet ??????????????? Her ligger det en meter snø oppå (( jaja det kommer vel vår her også. Høres ut som en koselig vinterferie hos dere i allefall ;)

Ha en fortsatt flott ferie :D