mandag 11. april 2011

Årets påskeegg er undervegs:)

I dag har eg trekt ein vinnar av påskeegget mitt:) Påskeegget ligg nesten klart på stovebordet, men eg tenkte å sjå an kven mottakaren vart før eg avslutta det heilt. Med stor innsatsvilje og sans for gammaldagse trekningar har eg laga lappar med namn i store mengder... Det hadde vore lettare å bruke ein sånn datagenerator som trekker eit nummer, men det er noko med å ha lappen i handa... 67 lappar, faktisk. Og den eine som blir plukka ut av skåla er:

Fyrst må vi ha ei fanfare! Tamtara-tah!!!

Annika har gjort dette lett for meg, sidan ho bur i same kommune som meg. Posten tener ikkje så mykje på denne leveransen, då... Annika sin blogg kan du finne her:) Eg har putta litt forskjellig i påskeegget. Faktisk kunne eg gjerne vunne eit slikt sjølv... Her er det litt garn, litt godteri og litt te/kaffi. Og tur-kjeks, sidan alle gode nordmenn skal ut på tur i påska:)

Håper påskeegget kan bidra til at påska 2011 vert god, Annika!

Eg må også takke alle som har lagt igjen ei helsing til meg, det er så kjekt å få respons frå nokon "der ute"!

2 kommentarer:

Linda sa...

gratulera til vinnaren.

Annika sa...

Tusen, tusen takk for eit herleg påskeegg! Sikkert det einaste eg får til påske :)

Morsomt at eg skulle vere den heldige vinnar! Sindre helsar og takkar veldig for Anton Berg-sjokolade! Den skal sparast godt til påska!