tirsdag 19. april 2011
Enkel og grei gensar!
Her har eg vidareutvikla nonstop-trøya igjen:) For nokre veker sidan strikka eg kjole med utgangspunkt i den samme oppskrifta, og no strikka eg ein gensar! Det er jo så praktisk når monteringa er "ferdig" når siste maske er felt av! No felte eg ikkje av maskene over ermane, berre sette dei på ein tråd. Så då eg var ferdig med bolen, plukka eg opp maskene igjen, la opp 6 nye masker midt under, og strikka til ermene var passe lange. Eller gjerne litt for lange;)
Det vart nokre ekstra trådar å feste fordi mottakaren (minstemor på 4 1/2 år) ville ha litt lilla på gensaren sin, så eg måtte hekle nokre kantar og strikke litt lilla på ermene. Det gjorde at monteringsarbeidet vart tredobla:)
Garnet er Angora-Tweed frå Drops.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
5 kommentarer:
Fin genser. Like kjedelig å strikke som min siste genser, men praktisk, veldig praktsik. klem
Det ser ut til å vere ein fin genser til å vekse i!
såååå søt genser :-)
Så søt og praktisk genser
En flott genser, enkel og grei uten for mye fiksfakseri! (",)
Legg inn en kommentar