mandag 11. april 2011

Gåve frå hemmeleg venn i april


Det var ikkje så vanskeleg å finne ut kven den hemmelege vennen var denne månaden:)

Ei grom innflyttarjente, jauda, det må berre vere Gromjenta. Det ser ikkje ut til at du har blogg sjølv, Gromjenta, men eg kan jo fortelle dei som vankar på hobbyboden at det er du som er avsendaren:)
Pakken inneheld nokre av Gromjenta sine favorittar, og det forstår eg godt. Det er knapt noko som er mjukare enn tynn alpakka, og sokkar i Viking raggegarn blir supre og fargerike. Sjokoladane har visst forsvunne, eg veit ikkje kvar....

Tusen takk!

3 kommentarer:

LivM sa...

Super pakke du har fått!

Smarie sa...

Nyydelig pakke du har fått ;o) Kos deg !

solveig sa...

Eg har sendt deg ein såkalla award på bloggen min - om du tek utfordringa.