lørdag 23. april 2011

Gjett om det er fortent!

Endeleg kom sola til oss også:) I går og i dag har vi hatt nokså nær sommar på Sunnmøre. Litt fascinerende at det gjekk nesten over natta frå ullundertøy til korte skjørt. Men det er ikkje oss imot!

I går var gubben på Kolåstinden, ein fantastisk tur på nye ski. Og vi andre kosa oss i lavlandet, mellom anna på rulleskøyter. Mamma inviterte alle dei fire døtrene sine med familier til middag, og vi kosa oss stort i sola både før og etter.
 

I dag har vi besøkt Ålesund. Vi gjekk opp til Fjellstua og kjøpte is:) Det fortener vi vel etter 418 trappetrinn opp? Og like mange ned igjen.... Ein nydeleg dag å surre rundt og leike turist på.

I ettermiddag kom utemøblane ned frå garasjeloftet, og vi er nesten solbrende. Nydeleg følelse;)

Posted by Picasa

1 kommentar:

Aud sa...

Flott bilete av nydelig utsikt!