Sett på maken til søte ting?I barnehagen til Minstemor har dei fått egg, og i lånt rugemaskin har dei klart å klekke ut utruleg søte små kyllingar. Prinsessa var sjølvsagt interessert i å sjå dei, og ville sikkert helst teke med nokre av dei heim. Eg syns også dei er søte, men eg veit at det ikkje varer så lenge...
Eg har påskestemninga på plass:) Kyllingar i barnehagen, og i postkassa fann eg perle-egg og perlekylling! Sonja lagar slikt, og ville rett og slett gje bort nokre til andre. Det kan vi like!
No må eg tenke ut kvar eg skal henge ein bitteliten kylling og eit litt større egg, slik at dei viser! Tusen takk, Sonja!
3 kommentarer:
Påskepynting i full gang hos deg ser jeg. Nyklekkede kyllinger er bare helt nydelige så jeg skjønner godt at dattera ville ha de med seg hjem:-)
Riktig god påske til deg og dine - klem fra meg
å så skjønne dei var. tenk å våkna til sånn små nøster hoppende rundt på golvet hehe. Det hadde blitt liv. Ha ein fin dag
Så koslig med påskekyllinger i bhg! :D Og så fin påskepynt du har fått i posten! Skikkelig påskestemning :D
Legg inn en kommentar