fredag 29. april 2011

Teppe til Nepal

Eg har vore litt treg, for eg har vel berre oversett dei som strikkar babyteppe til Nepal. Men i påska vart eg utfordra meir direkte, og fann ut at eg kan jo sjølvsagt bruke noko restegarn på ein fornuftig måte. Nepaltepper er ein smart blogg, og når du ser bileta og les litt om prosjektet er det vanskeleg å la vere å strikke. Alle dei nyfødde ved dette eine sjukehuset får med seg eit babyteppe, så langt det rekk.... Så då er det vel berre å sørge for at leveransane held seg oppe?

Eg likar ikkje å feste saman lappar, men om du vil, er dei takknemlege for lappar også. Eg enda med å strikke eit heilt teppe, og har det andre på pinnane no.



4 kommentarer:

Tove sin strikkeside sa...

Så fargerikt og fint teppet ditt ble

Brit Strikkenerd sa...

For eit flott prosjekt. Kjekt å vite at det fargerike teppe kan bli til glede og varme til noen helt i Nepal:)

Irene sa...

Flott teppe, og så lurt å strikke alt på en gang. Da slipper man alle trådene på mange ruter.

Kan jeg spørre hvor mange masker du la opp, og hvilke pinner du brukte?
Har lenge tenkt på å lage et teppe jeg også. Godt formål!

Anlen sa...

Kan svare her, Irene: Eg la opp 110 masker, på pinne 6,5. Dobbelt garn av det tynnaste, og enkelt av det tjukkaste. Då vart teppet ganske elastisk, men varmt og godt likevel:) Kunne nok gjerne hatt 120 masker, for å få det litt større? No vart det ca 90 cm breitt.