mandag 23. mai 2011

Hurra for meg;)

Eg må vel berre nemne det... I dag er eg sikkert definert som vaksen. 40 år er vel ein ok alder? Det har ikkje hatt stor effekt på korleis eg kjenner meg! I går hadde vi familieselskap, med 2o flotte menneske som ville vere med på å markere min store dag:)

På menyen stod relativt sjølvkomponert Stroganoffgryte, salat, foccaciabrød og små saltbakte poteter. Og så kaker og dessertar, sjølvsagt. I dag kom gubben heim med ein diger bukett! Han har ikkje fått handle gåve til meg, for eg vil gjerne ha ein goretex/regndress, og då må vi nok på butikken ilag. Men eg fekk mykje anna eg ønska meg i går!

Eg kan nemne: dobbelt vaffeljern, snö-smykke, ølglas (som eg kjem til å bruke mest til brus...), pc-ryggsekk, gåvekort, stilige lysestakar, softshell-jakke....


I dag fekk eg ei diger plante frå kollegaene mine, roser frå gubben, og ein orkide frå tanta mi i nabohuset, som fylte 65 i går:) Eg elskar orkidear! No har eg 5 som blomstrar, og ein som ikkje blomstrar no. Enkle, lettstelte, stilige!


Dessverre har handleddet meldt pass. Det er akkurat som for 7 mnd sidan, brått og utan forvarsel kom ei stikkande smerte i handleddet. Handa er så vond å bevege at eg helst let det vere. Eg har teke på støttebandasje, og reknar med at det kan gå over om nokre dagar. Sist gjekk eg forresten til lege og fekk medusin. Kanskje eg skal vurdere det?



7 kommentarer:

Linda sa...

Gratulera med dagen. Og god betring.

annavik sa...

Hei!
Igjen: Gratulerer med den store dagen!
Kjekt å lese, Ann Helen! Eg er sikker på de hadde ein triveleg familiefest i går!
Eg huskar godt den dagen eg fylte 40,- det var så mykje kjekkare enn å bli tredve! Og sidan har det blitt berre betre og betre å fylle år! Det gjer meg audmjuk og glad å bli eldre, og samstundes vere frisk og oppegåande!! I stand til å arbeide og gle meg over livet!
Du er ein veldig fin 40-åring, med ein flott familie! Ynskjer deg GODE dagar, og rask betring i handleddet!
Klem frå Gerd

Sidselsidserk sa...

Gratulerer med dager:-) Ønsker deg god bedring med håndleddet.

Greta sa...

Gratulerer med dagen unge dame. 40 år er ingen alder. Tenk på gamle meg som er bikka 50år og så kjenner eg meg fortsatt ung. ein er vel ikkje eldre enn ein føler seg. Så av og til er eg 80 og av og til 30. Men under det er det vel elnge sidan eg har vore hehe.
Masse flott du hadde fått deg da.
Håper du får deg ein fin dag fortsatt. stor klem til bursdagsbarnet.

Andrea sa...

Gratulerer så mye med dagen! 40år er en fantastisk alder. Min bestemor vart nesten 100år og hun sa at fortsatt følte seg ung da, hehe. Så kos deg så mye i dag. Nydelige blomster du fikk fra mannen din, koseligt! Hipp hipp hurra!

Strikkebesta sa...

Gratulerer med overstått! Vaksen? Av og til - og av og til ikkje? Ein kan godt vere vaksen, berre ein tek vare på barnet i seg:)Fine gåver du har fått! God betring, håper ikkje strikkeabstinensen blir for sterk medan handleddet må kvile!

arieldog sa...

Gratulerer! At "life begins at forty" er ein myte, men ein har truleg ein del igjen å glede seg til og glede seg over.