mandag 30. mai 2011

Sagavoll i mitt hjerte



Litt pompøs i dag?

Eg har hatt ei flott helg, og må fortelle litt om det! Sagavoll er folkehøgskulen min. Og mange andre sin, for så vidt. Det er 20 år sidan vi gjekk der, og i helga var det jubilanthelg. Alt frå 5 år til 60 årsjubilantar inntok skulen igjen, i varierande antal. Frå vårt kull stilte 27 personar, og vi skulle gjerne ha vore fleire til stades. Men vi som var der hadde ei fin helg!

Det er noko spesielt med å vere tilbake på ein folkehøgskule der alle blir så tett samansveisa i løpet av året. Det tok utruleg kort tid å finne tonen igjen, og dei fleste har jo ikkje forandra seg noko særleg. Med unntak av alle hadde mindre hår.... Nokre av karane har fått litt høgare vikar og det er kanskje litt tynt på toppen hos enkelte. Men det var damene som var mest markerte;) For 20 år sidan var det mykje permanent og mykje hår, og eg trur vi må vere samde om at det stort sett ikkje var veldig vakkert. Jaja, alt går når ein er ung nok!

Kjemien er faktisk den samme etter 20 år, det var godt å finne tilbake til det vi hadde ilag for mange år sidan.
Helga gav mange gode klemmar, mykje latter og mimring, og faktisk nokre tårer. Det høyrer også med, livet er ikkje alltid berre smil. Etter ei slik helg er det fint å kome heim til dei eg har her heime også:)
Om 5 år skal vi mobilisere og få storinnrykk på Sagavoll!

Om nokon av mine Sagavoll-vener er innom: Tusen takk for at du var med på å gjere både denne helga og 90/91 til noko spesielt.

4 kommentarer:

Pål André sa...

Her kjenne ej mej igjen ;-)

hobbyvenn sa...

Et år på folkehøyskole setter sine spor.., gode spor. Og samlingene i etterkant er alltid så morsomme.

LilleAsk sa...

Det høret ut som du har hatt en flott helg.

AnnetteK sa...

Så kjekt å se Sagavoll-bilder, selv om jeg ikke kjenner folka som er på bildene.
Åra går jammen fort, er jammen blitt 12 år siden jeg var ferdig der også :o
Høres ut som dere hadde en flott jubileumshelg!