tirsdag 3. mai 2011

Teppe nummer to:)


No har eg gjort kål på nesten alt av superwash-restar! Herlig:) Og med pinnar nr 6,5 går det kjapt unna. På det forrige teppet til Nepal strikka eg berre ei rille i kvar farge, men det vart mange trådar å feste til slutt.... Så no strikka eg litt lenger av kvar farge.

Teppet fekk ein brei heklekant til slutt. På bildet ser teppet både skeivt og rart ut, men det var berre fordi eg ikkje tok meg tid til å rette på det før eg knipsa... Det som er mest fascinerende er at begge teppa er strikka på slump, med ulikt garn og ikkje eingong likt masketal. Men på vekta er dei dønn like! Eg trudde det måtte vere feil, og leita fram att det fyrste for å kontrollvege. Og resultatet er det samme: Begge teppa veg 390 gram. Ok, 389 og 392. Men eg rundar alltid av til næraste heile tiar;)

No er det klart, vaska og bretta, og så skal eg pakke dei to teppa ilag og sende dei til "teppeJorunn", som vidaresender til Nepal etterkvart.

Har du lyst til å bidra, kan du finne meir her:
Nepaltepper.

6 kommentarer:

Tove sin strikkeside sa...

2 fine tepper du har laga

Marieki sa...

Så fint teppe:D

Vibekes lille ullne sa...

Kjempefine tepper du har laget og veldig bra å strikke til så et godt formål. Godt tips som jeg skal ta med meg. Så vidt jeg har forstått tar de lapper også. Ha en fin kveld! :)

Anonym sa...

flotte tepper du har strikket, og til et godt formål.
ønsker deg en fin dag
/myr

AnnetteK sa...

Flott teppe til ett flott formål. Fin måte å få brukte opp rester på da.

God helg!

Anonym sa...

Hallooooo! På tide med nytt innlegg snart.... ;)