fredag 24. juni 2011

Jonsok

Er det berre eg som hugsar at det alltid var fint ver til jonsok i "gamle dagar"? Vi var alltid ved Snipsøyrvatnet, på farfar si hytte. Der var det grilling på bål i fjøresteinane, og pølsene var ikkje berre brune, dei var blåsvarte;) Ingen av oss ungane syns det var noko vits i å gå inn, det var så stas å site ved bålet og sjå alle dei andre båla rundt det store vatnet. I går var vi også ved Snipsøyrvatnet, på Holesanden. Der fekk vi kjøpe nydeleg rømmegraut, og kaker, is, pølser og brus. Ute var det grått og litt regn, men det stoppa ikkje borna som leika og kosa seg. Hesteriding, pilkast, stylter og springing:)
Utpå kvelden tende dei bålet, og det varma godt:)Etterpå fekk vi besøk av svoger og svigerinne, og grilla både kjøt, fisk og grønsaker. Men vi valde å ete inne, det regna ganske mykje! Det vart ei fin feiring, trass i dårleg ver. Og borna kosa seg, kanskje er det derfor veret ikkje vert hugsa så godt i ettertid?

1 kommentar:

Greta sa...

Eg savnar st.hans feiringa her i sogn. det er ikkje slik vi va vand med fra sunnmøre nei. her i bygda er det ingenting. så vi sat her heime som vi plar ein vanlig ettermiddag.
Er enig med deg i att det alltid var fint ver st.hans som barn. eller så har vi glemt dei gangene de regna. ha ei fin helg