torsdag 16. juni 2011

Nokon har gode kontakter:)


I år har vi hatt ein mildt sagt elendig sommar så langt. Det har jo for så vidt vore mykje væte i austlege strøk av landet også, så vi skal ikkje klage. Men eg kan jo nemne skodda utan å klage altfor mykje;) Det er berre noko litt tungt over hovudet, som tek vekk alt av sol og det meste av omverda...

Men i dag har vi hatt perfekt sommar! Ein heil dag, faktisk:) Og den brukte vi til å ha avslutningssamling for 2.klassene ved Nesset-elva. Der finn vi ei lita strand, ei opning i skogen og ein flott bålplass. Litt over 30 2.klassingar tok med seg foreldre, sysken og litt besteforeldre og hadde eit par herlege timar ilag. Vi droppa middagen heime og grilla istaden. Mange av borna bada, mine fekk berre lov til å vasse. Fæl mamma, eg veit det... Men det er ikkje akkurat nokon stor varme i vatnet, eg tippar at snittet har vore 12 grader her den siste månaden!

Enda godt at vi kan vere heldige og treffe så godt på den eine dagen med skikkeleg varme og fint ver. I morgon er det visst slutt. Og neste veke truar dei med fare for snøbyger! Passe til jonsok, det.

3 kommentarer:

Greta sa...

No overdriv du no vel litt. Det vert ikkje snø på sunnmøre. sommren kjem no den. den veit det berre ikkje sjølv enno. Hater skodde og drittver og det gjer kroppen også. Men vi må bere gjere det beste ut av det. Drfor sat eg på verandaen i heile dag. Litt i sola og litt i skuggen. Er ikkje vand med så mykje sol, så ein kan ikkje ta det for hardt.
Vi krysser fingrene for at dagen i morra blir nokon lunde også klem

Stubbetufsa sa...

Og vi har hatt ei uke med gode sommertemperaturer, uhørt, egentlig. Våren varte bare en tre, fire dager, synes det som, men det var nå 20, da!
Men det blir vel bere vårvær heretter og fram til høsten, tenker jeg, vi har vel fått vår del...
Og jeg driver med å plante ut plantene fra drivhuset i hage, på kirkegård og på hytta, har ikke tid til blogginnlegg, engang!

Sisselshverdag sa...

En skal av og til ha flaks med været. 5. og 6. klasse hadde skikkelig langtur på sykkel i går i knall flott vær, i dag er det meldt masse regn ;) ja vi skal nå sykle en liten tur i dag også så jeg håper regne venter til etter 12 hihi. Ser nydelig ut der dere var på avslutning :D

Ha ei flotte helg :D