tirsdag 20. september 2011

På tide å sortere planar igjen?

Det er greitt å ha mange planar, men no går det over alle støvleskaft. Eg er overbevist om at det er ein allergisk reaksjon som gjer det...

Eg held nemlig på med eit par ekte raggsokkar, av uvenngarn. Og garnet er skikkeleg uvennlig, eg klør i augene av å strikke med det! Jauda, det vert gode, solide raggsokkar av slikt garn, men eg kjenner at eg har veldig lyst til å strikke alt mogleg anna. Eg prøver å vere flink jente, og ikkje starte på noko anna før den andre sokken er fullført....;)

Ikkje nok med at eg har mykje lekkert garn som eg har lyst til å strikke av, no har eg også massevis av uvennlig garn som eg bør strikke av. Men det kjem eg til å vente med. Raggsokkane er eitt bidrag, det får halde ei stund.

Gubben ventar (trur eg) på islendaren sin. Den skal han nok få før jul. Kanskje.
Han burde også få nye bunadstrømper.
Elles tenkte eg å strikke ein regnbogefarga gensar eller tunika til minstemor, garnet ligg klart til denne også.
Eg har mange nøste med deilig garn som er tenkt til luer og kragar, gjerne med fletter etc. Nokre slike kunne vere julegåver, om eg berre kom i gang....
Stadig flyttar eg rundt på 4 ferdig oppnøsta Wollmeiser som skal bli Still Light med tida.
Og eg oppdagar at eg treng nye sokkar til hausten, men det skal ikkje vere i raggegarn;)

Jaja, det er vel berre å sette i gang!

Etter at eg er ferdig med raggsokkane, ja....

5 kommentarer:

Annika sa...

Det stod ingenting i reglementet (jf i går) om strikking, det va flaks - viss du skal rekke det også :) Du e no jammen flinke!

Greta sa...

Kjekt med masse planer, så lenge det ikkje stresser deg. Har ein haug med planer frem mot jul eg og, og har hørt rykte om at det vert fleire. Det er kjekt. Får la vere å stresse og ta ein eller tre i gangen så rekk ein det ein rekk. Det er mitt motto. Ha ein fin dag

Frau Putz sa...

Jeg kender det!
Jeg har LOVET mig selv, at jeg ikke må gå i gang med nye projekter, før jeg er færdig med genser til sønnen og cardigan til mig selv - men jeg kæmper efterhånden meget hårdt for at holde det løfte.
Har meget mere lyst til at starte på nye, mere spændende projekter...

Måske skal vi bare smide alle de dumme, kedelige løfter ud, gemme de kedelige projekter i en pose - og kaste os ud i nye ;)
Være lidt mere "to-hell-with-it... let's-have-some-fun"... i stedet for flinkeskolen... :)

~ Karina

Fru Keilegavlen sa...

Kjekt med planar så lenge det ikkje vert stress,- då er det ikkje kjekt lenger. Lykke til!

nragnhild sa...

Hehe, godt å sjå det er fleire enn meg som har for få strikketimar i veka til å rekke alt - for at det er for mange planar, det går eg ikkje med på ;)

Lykke til med uvenngarnet! Halva her, men nå er eg verkeleg, verkeleg lei, og har brote strikkeregelen om å berre strikke på ufoar (ikkje fordi det ikkje er nok av dei, altså...)