tirsdag 4. oktober 2011

Gratulerer med overstått, Gullungen:)

Gullungen min har blitt 5 år!
I helga har vi feira stort, både med barneselskap og familieselskap. I dag stilte ho i barnehagen for å bli feira der for aller siste gong. Dei har frukt i store mengder på bursdagane, og krone på hovudet;) I tillegg vert det sjølvsagt gjort litt ekstra ære på bursdagsbarnet den dagen.

Mora sleit med å kome på smarte ting å ønske seg på vegne av jenta, så no var det ho sjølv som kom med innspela til dei som spurte. Det resulterte i ein heil dyrehage... Heldigvis er alle dyra avhengige av batteri for å bevege seg, men vi har no 5 marsvin (av typen Zhu-zhu pets), ei kanin, ein katt og ein hund, som alle kan bevege seg, lage lydar og elles vere sjarmerande og søte.

Kjekt! Gullungen var klar til å gå i barnehagen då ho brått vart nesten overmanna av lyst til å vere heime saman med alle dyra sine. Det var vanskeleg å gå, men det gjekk...

Elles kjem eg til å måtte gå på barselvisitt etterkvart. Kaninen Trampe har blitt far til 5 små kaninungar, og det var litt uventa. Kaninmora bur hos venninna til Prinsessa mi, og dei to jentene har nok planlagt dette godt! No kjem det an på kva dei vaksne vil gjere...

Fotodokumentasjon kjem etterkvart. Kanskje ikkje med den stolte far på samme bilde, eg trur ikkje farsinstinktet er å stole på?

3 kommentarer:

solveig sa...

Ein av kaninane våre er resultat av det mor til eigaren kalla "såkalla kanintreff". Spennande saker for dei små ...
Dyrebutikken tok imot søskena.

Tove sin strikkeside sa...

Kjekt å høre om dagliglivet på "Brekkane". Husker godt den tida det var stas med leiker med batteri. Må innrømme at av hensyn til de voksne, var det av og til tomt for batteri i huset.

En regntung hilsen fra Askøy

ps. skal på strikkekafe på .......to damer i kveld........

Greta sa...

Når dyra trenger batteri for å vere i vigør, kan det vere greit å gå tom av og til. Men det er jo kjekt for dei at dei kan bevege seg da.
Håper alle dyra holder seg friske. Ha ein fin dag i drittveret