lørdag 28. april 2012

Sov du vesle spire, ennå er det vinter....

Det vart kvitt i dag!
Fotballaget til Prinsessa skulle på fotballturnering i dag, og vi var litt skeptiske då vi vakna og såg at det snøva ute! I går var det vår, i dag var det 2-3 grader og snø... I tillegg til ein liten kuling. Herlig... Eg og minstemor skulle uansett ikkje vere med, særleg med tanke på at eg måtte hente henne i barnehagen midt på dag i går, fordi ho ikkje var heilt i form. Vi pakka med varme skift og prøvde å sikre at turneringa skulle bli så behageleg som mogleg i drittveret! Det kom etterkvart beskjed om at heile cupen var avlyst i dag, så Prinsessa og pappaen tok same ferja heim! Fint for huset, for i slikt ver var det berre husvask som kunne gå an:)

Eg hadde tenkt å vaske vindu ute. Gubben hadde tenkt å klippe plenen. Det slapp vi i dag!
Katten har teke livet med ro i dag. Ser du at det er snø på vinduet mitt? Eg trudde våren var her, men det var nok litt optimistisk.

Minstemor har leika seg i trappa:) Det er visst mykje kjekkare å site der. Ho sit så godt, dinglar med beina og syng sjølvdikta songar medan ho puslar med dei små leikene sine.

Eg har stor sympati for dei i nabokommunen som feirar konfirmasjon i dag! Det er nok mange som fekk litt meir innandørs akvititet enn dei hadde tenkt. Tenk om det hadde vore bryllup denne helga i staden for forrige! Vi var visst litt heldige med veret likevel:)
Eg håper du har litt finare ver der du er!
Heldigvis ser det ut til å lette no, utpå ettermiddagen. Kanskje blir det betre i morgon? Det kan ikkje bli verre, i alle fall;)

1 kommentar:

solveig sa...

I dag tenkte eg heller ikkje mest på meg sjølv, men på dei som har konfirmasjon. Kanskje dei fyrte i peisen?