torsdag 10. mai 2012

Sjal på tjukke pinnar

Det er snart 17.mai, og det er like kaldt som det brukar å vere... Så eg strikka eit supertjukt sjal som kan vere nøytralt nok til å vere over ein bunad, om det skulle bli behov for det.

Garnet er frå Nille, Naturgarn i 100 grams hesper. Eg kjøpte to, og sat att med 5 cm garn til slutt;) Oppskrifta har eg sikkert henta ein eller annan plass, men no har den berre flytta inn i hovudet mitt. Enkelt oppsummert: Pinne 12, start i nakken med 3 masker. Auk med eit kast på starten og slutten av kvar rette omgang, og på sidene av midtmasken. Strikk til du er lei, eller til det er slutt på tråden. Eller til handleddet seier at det er nok for i dag,)

1 kommentar:

Strikkebesta sa...

Enkelt er ofte det beste:) Fint sjal, og det ser ut som det trengs! God 17.mai på Hareid:)