søndag 3. juni 2012

Svigermors drøm;)

Eg må vise fram det nyaste tilskotet i familien! Medan eg var i Trondheim forrige helg, kom Musikanten heim ein tur, og for fyrste gong hadde han med seg Julia. Heldigvis var dei her eit par dagar etter at eg kom heim også! Eg har ikkje heilt tenkt å titulere meg som svigermor, men det nærmar seg vel definisjonen?? Hmm, eg syns det høyrest gammalt ut.... Men samtidig er det heilt ok å vere svigermor til ei så søt jente! Perfekt:) Her er nokre bilete frå Lundeura på Runde, der gjengen fekk sjå store mengder lundefugl på veg inn for natta.
Eg har ikkje vist bilete frå helga før heller, det har ikkje vore tid til å styre så mykje med blogging. Men her kjem eit utsnitt av ei fin helg på Skei, inkludert besøk i Fjærland. Kan absolutt anbefalast! Det var koseleg å vandre i bokbyen Fjærland, der det er antikvariat i annakvart hus:)

1 kommentar:

Greta sa...

Hei. Det er kjekt med svigerbarn:0). Eg har to eg. den siste "på rett" om 14 dager. Så da er eg kanskje eldgammel om due r gammel hehe. Nei da, ein er ikkje eldre enn ein kjenner seg. og du ahr jo to småfrøkner heime også, så gammel er du ikkje. SKjønn jente det der.
Masse flott bilde. Ha ei god start på ny veke.