søndag 1. juli 2007

Kjole til prinsessa:)

Kjolen er ferdig med å bade! Det vart eit bad på 40 grader, kort finvask. Og eg var veldig spent på resultatet då eg stod opp! Det er gøy å strikke uten mønster, men det er litt nervepirrande også... Den har krympa ein god del, men eg trur den skal passe. Eg har ikkje fått prinsessa ut av senga enno, så eg får ikkje testa på henne.
Slik ser i alle fall kjolen ut no! Måla har krympa til 42 cm vidde nede, og 51 cm lengde. Det er ganske mykje mindre enn i går...
Gullungen heldt oss våken lenge i natt, ho kunne ikkje fatte kvifor mamma nekta å stå opp klokka halv fem. Vanlegvis søv ho (med nokre puppepausar) til klokka 8-9, men dei siste nettene har ho våkna midt på natta og trur sola betyr at det er dag. Og det kan ho vel ha rett i. Det dumme er at vi vaksne ikkje er enige...
Og prinsessa var like våken etterkvart, når veslesøstera remjar er det vanskeleg å sove! Så ho får vel få lov til å sove no, da! Sjøl om eg ventar med lengsel og smerte på å få prøve kjole;)
Kjolen vert forresten altfor varm i dag, det er SOL og akkurat no er det 18 grader i skuggen. Det er bra kl. halv ti.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Det var en fresh kjole i lekre farger.
Den er sikkert flott på jenta.

Anonym sa...

Flott kjole:-D liker de friske flotte fargene du bruker, sånne som man blir glad og veldig veldig inspirert av!!:-D