onsdag 15. august 2007

Opptelling av prosjekt!

Eg skulle berre leite opp oppskrifta på tova vottar frå Månetoppen. Og kva skjer? Brått har eg fordjupa meg i gamle og nyare oppskriftshefte, og det er ganske koseleg:)

Og etterkvart vart eg litt nysgjerrig: Har eg strikka noko i kvart av desse hefta, eller er det juks og fanteri at bunken er så stor?

Så no har eg kosa meg med å bla gjennom hefta og sjå kva eg har laga. Og det er mykje forskjellig! Av og til er det vanskeleg å hugse, for eg har gjerne endra litt på fargar og mønster, så det eg har laga er ikkje identisk med foto i oppskrifta. Men eg har konkludert.

3 babysett
5 barnekjolar
4 ullbukser
11 gensarar til vaksne
27 gensarar/ jakker til born

Og ein liten haug med skjerf, halsar, tjukkelestar, huer, panneband... Der er det berre ikkje mogleg å telle!

Dessuten har eg ikkje teke med dei fyrste 4-5 gensarane eg strikka. Det var nemleg før eg vart så stor at eg kjøpte mønster sjøl... Den fyrste gensaren vart strikka då eg var 12 år, ein litt loden sak i mørk flaskegrøn. Den var kjempefin! I alle fall då.

Stabelen med oppskriftshefte er stor, og eg ser at eg har ca 5 hefte som aldri har blitt brukte. I tillegg er det nokre (eller mange) sider som er klipte ut frå diverse blad. Håpet er vel at ein eller annan gong skal eg rekke å lage alt det lekre som eg ein gong har sett. Lite truleg;)

4 kommentarer:

Anonym sa...

Imponerende!

Anlen sa...

Nuvel, eg har jo brukt nokre år på det, da!! ;)

Anonym sa...

Samme håpet har eg og, men ikkje når det gjeld strikking. Har samla meg maaaange hekle-og hardangersaum-mønster... og ein dag, DÅ alså!! Hehe, særlig ja ;o)))

Bai sa...

Du har då laga mykje. Eg trur eg har fleire kilo med oppskrifter, og mesteparten av dei er fine ting eg skulle ønske eg hadde laga :-) Kjekt med nett då, slik at eg ikkje trenger å betale for alle.