fredag 3. august 2007

Små skattar

Her på garden har vi fleire hus, dei fleste er sjølvsagt bebudde, men vi har også ei "tom" løe og eit uthus/bud. På buda har slekta samla mange saker gjennom maange år. I dag har foreldra mine hatt ein liten gjennomgang og utrydding på delar av buda. Dei fann veldig mykje skrot, nokre skattar og mykje muselort:)

Då eg oppdaga prosjektet, hadde dei stappa mykje gamle klede i søppelsekkar, og fått dei ut. Eg vart nysgjerrig, og drog opp att nokre av plagga. I det minste fekk eg berge ein del knappar!

Eg plukka også med meg ein dress i ullstoff eller noko liknande, som mi kjære farmor har sydd for mange år sidan. Den er no vaska forsiktig, og det viser seg at det er ein stor permanent flekk midt framme. I alle fall kan eg seie at eg prøvde ut om det var noko å ta vare på.

Og så denne kåpa, dessverre også med nokre flekkar som ikkje går vekk. Men det stoffet er for fint til å berre kaste! Skulle ønske eg var venn med symaskina mi... Den er fora med ganske tjukk silke, som også burde kunne brukast til noko. Stoffet er lekkert, kva?


Gubben har fått pulsvarmarar, og han meiner at desse skal han bruke både på den eine og andre turen:) Hadde nesten ikkje trudd det! Men det er kjekt at han set pris på det eg lagar. Desse er strikka i dobbel alpakka, så dei vert veldig varme og gode.

Og så må eg berre nemne at eg har starta så vidt på gensar i alpakka til gullungen. Eg prøvestrikka mønsteret eg hadde tenkt å bruke, men fann ut at eg ikkje likte det. Så eg bytta til eit anna... Har no starta så vidt på ei arm!

4 kommentarer:

Anonym sa...

Jaha så du har vore på Buda du heldiggrisen :) Sånne turer er kjempe spennandes, veit liksom aldri kva som kan dukke opp. Pulsvarmerane til mannen var kjempe stilige, min mann har også bestilt et par, men æsj han vil ha halv fingrar på, og det er kjedelig å strikke. (til fotobruk).

Anonym sa...

Hei igjenn. Eg skal på Ikea på onsdag, så dersom du treng hjelp til noko, så har eg TOM bil nedatt...

Anonym sa...

Det var bra det ordna seg. Eg skal kjøre lisje snuppa mi til Trheim på tirsdag, snufs, ho skal begynne på Universitet. Så skal vi på Ikea å kjøpe div småtterier til hybelen, derfor har eg tom bil nedatt :)

Hilde C. sa...

Så morsomt det må være å lete igjennom en slik gammel skatt - jeg krysser fingrene for at du blir venn med symaskina di :-)