søndag 22. juni 2008

Avslutningstur til Geiranger

Koret mitt har hatt ein lang sesong i år, og avslutta denne helga med ein tur til Geiranger. Det er jo ein nydelig plass, i all slags ver, og vi har hatt både godt og dårleg ver. I går hadde vi regn i store mengder, men så vart vi jo enda meir fornøgde i dag då det var sol og bra temperatur:)

På veg til Geiranger stoppa vi og fekk besøke Rosekyrkja i Stordal. Den er gammal, lita og ikkje i bruk til stort anna enn konsertar og eit og anna bryllup. Den vart bygd i 1789, og mala av ein hallingdøl i 1799. Han var ivrig i tenesten, det trur eg må vere konklusjonen. Men OK, utan hans innsats hadde nok kyrkja vore borte no... Det er nemlig ganske spesielt, dette her.


Eg vart ikkje imponert over den kunstnariske kvaliteten, og guiden vår sa vel eigentleg det samme:) Han peikte for eksempel ut ei linje med tekst, der malaren ikkje fekk plass til alt han hadde planlagt. Han starta friskt, med god plass til orda den første halve linja, men på slutten gjekk han tomt for plass. Orda vart tettare og tettare. Siste ordet står over det nest siste.... Det er som om ein 6 åring skulle ha planlagt det! Og trur du han tok seg tid til å male over og gjere det ein gong til? Neida...

Så godt som alle flater i romet er dekorerte. Så etter ei stund vert det litt psykedelisk!


Det var godt å kome inn i kyrkja i Geiranger i dag. Det er ei kyrkje bygd i same stil, og nesten like gammmal. Men her er fargane rolege, og kunsten får vere åleine om merksemda. Nydelig!


Koret skulle synge her, og det var barnedåp. Kyrkja er lita, det er plass til max 150 personar, og i dag var det stappfullt! Og ein pussig opplevelse var at turistane fekk ark med salmane oppkopiert på tysk eller engelsk, slik at vi kunne høyre fleire språk samtidig... I Geiranger er det jo ein del turistar!


Og slik var utsikta frå hotell Utsikten:) Ikkje det dummaste namnet på eit hotell som ligg utruleg høgt! Eg må innrømme at vi fann ut at vi skulle besøke Hotell Union i går kveld for å få danse litt, for dei hadde stort sett ikkje så mykje å tilby av fornøyelsar på Utsikten...


I dag kom Grand Princess på besøk inn fjorden, og det var litt av eit syn! Eg måtte sjekke wikipwdia om båten, og er litt imponert over fakta: 2600 passasjerar, 1100 besetning, lengde 300 meter (manglar nokre cm)
Hurtigruta Richard With la seg ved sida av, og den ser ut som ein liten leikebåt!

1 kommentar:

Anonym sa...

Det er nydelig i Geiranger *sukk*
Vi bruker å ta oss en tur eller to dit hver sommer . :)

Josefine (HB)