søndag 20. juli 2008

Ut og plukke blåbær...


Ja, det vart jammen ver nok til å dra på besøk til svigers og plukke blåbær. Det vart ein fin fangst, bæra var store og det var mange av dei! Dette bildet er teke midt i plukkinga, det vart meir etterpå. Eg har store planar om rørt blåbærsyltety, men må handle Certo i morgon. Enn så lenge står vel 2 liter blåbær i kjøleskapet;)


Etter ein nydelig middag hos svigers, dro vi båten ut av naustet, så den er klar i tilfelle det vert aktuelt med ein liten fisketur på vika. Vi har enno to veker ferie att, så det skulle vel gå an. Om berre veret er på lag...


Det var morsomt å leite etter småkrabber i fjøresteinane også. Vi fann nokre yndige eksemplar! Det var omtrent som å halde ein edderkopp, men faktisk mykje meir sjarmerande! (Litt mindre sjarm er det å plukke små flåttar etter blåbærskogen, eg fann 5 stk på prinsessa før leggetid...)



Desse sokkane vert gode og varme! Eg veit ikkje enno om det er bursdagsgåve eller julegåve, men eg veit kven som skal få dei.

3 kommentarer:

Anonym sa...

Ja, krabber i fjæresteinene er morsomt!

Anonym sa...

Krabber og livet i fjæra er uhyre populært her hos oss også.

Anonym sa...

Nyrørt blåbærsyltetøy og nystekte pannekaker er jammen godt.. kos dere masse.