mandag 4. august 2008

Handletur!

I dag måtte eg avspasere fordi barnehagen har planleggingsdag. Det er eigentleg greitt, eg hadde planlagt det slik at eg hadde tid til overs. Prinsessa vart med besteforeldra sine på ein tur i dag, så eg hadde berre minstemor med meg på tur. Det vart langt fredeligare enn med to på slep!
Vi var på mange ulike butikkar, nokre med salg og nokre berre fordi dei er kjekke å besøke.

Og Lappestua måtte eg berre ha med meg. Det er faktisk fyrste gong eg er inne der, trur eg! Det er ganske godt gjort, for eg har gått forbi nokre gongar...

Eg handla litt!

Babycord, fantastisk grønt stoff med morsomme figurar på, og eit stoff som berre ropte på meg: Det er fullt av garnnøste! I tillegg til nokre lappar i moderate fargetonar, så det går an å kombinere litt.

Eg har enno ikkje nokon klar plan for kva eg skal lage, men eg plukka med meg nokre knappar og nokre meter snor, så eg kan lage små posevesker, til eit lite strikkeprosjekt, nokre bleiar eller denslags.


4 kommentarer:

Unknown sa...

Denne turen skulle jeg nok vært med på ja... herlig...

annemor sa...

Så fine stoff du har kjøpt. Og lua og nettet du har hekla var kjempefine :)

Monstermønster sa...

Oi, den babycorden var utrolig nydelig! Fikk nesten lyst til å tørke støv av symaskinen igjen, minsten trenger høstlue som ikke er for tykk.

Anonym sa...

Herlig å gå på handletur i blant ja:-D