lørdag 23. august 2008

Hemmelig venn

I dag fekk eg pakke!! Og farmora mi var med på å opne den:) Ho er vel noko av det mest nysgjerrige eg veit om, kanskje i tett konkurranse med mamma... (Ha, der fekk du den!)

I dag henta eg posten min, og tok samtidig med meg det som låg i postkassa til besteforeldra mine. Så eg kom innom der med ein ganske stor haug post. Så farmor vart lang i augene og lurte på kva eg fekk! Dermed måtte vi berre opne, og eg måtte prøve å forklare kva dette er for noko. Gåver frå nokon eg ikkje kjenner, og som eg ikkje aner kven er? Pussige greier;)



Eg fekk absolutt INGEN hint heller, og posten har slurva med stempling etc, så eg har ikkje aning om kven dette er frå. Litt irriterende, og veldig spennende!

Pakken er midt i blinken: Teposar, eit nøste lysblå Lanett og eit nøste Opal Cotton i lekre, duse fargar. Eg må forske litt på kva eg skal lage av det, men det vert heilt sikkert noko fint! I tillegg fekk eg noko som eg ikkje veit kva er....

Trur det må vere ei orienteringsrunde her. Kven kan forklare meg kva desse grøne blomstrane er? Farmor hadde mange dårlege forslag. Eg har ingen. Hjelp!

6 kommentarer:

Anonym sa...

Så fin pakke du har fått. Det grønne ligner på viskelær.

Anlen sa...

Ja, det kan likne på viskeler på bildet, men det er ein slags tjukk, stiv filt... eller noko slikt!

Anonym sa...

Det er vel pynt til å ha på tova vesker f.eks , tror jeg... (Mener Panduro har slike..) Flott HV-pakke du fikk . Fortsatt god helg :)

Josefine (HB)

PerJorun sa...

Panduro har disse. Det er filt"knapper". Fine å pynte vesker, eller lime på kort. Jeg bruker slike til å pynte pannebånd med. Syr de på med kontrastfarge, oftest sort. En tråd mellom hvert blad.

Unknown sa...

dette er vel en slags pynt som er nevnt ovenfor til strikket ting eller heklet... bruker slike hjerter til jul og pynter bordet med...

Anonym sa...

hihi, de grønne greiene er pynt jeg kjøpte på panduro ja...

hilsen SiriL