tirsdag 21. oktober 2008

Hemmeleg venn i oktober

Så herlig å opne postkassa midt i ein hektisk kvardag og sjå ein pakke til MEG der! Det er stor stas:) I dag vart eg ekstra høgt gira då eg såg frimerka frå Polen. Det er ikkje ofte eg får pakke frå Polen, det skal eg love...

Og når ein ser kva som kan vere inni ein slik pakke, er det vel ikkje rart at eg vert litt ivrig? Eg fekk to nøste med raudrosa, plantefarga ullgarn frå Husfliddamene i Selje, og eit hjerte med perler på, og så masse deilig sjokolade. Det er litt svinn der alt....

Her kan du sjå det fine hjertet litt betre. Eg trur det skal få plass på juletreet, der vil det passe godt. Og min hemmelige venn er ikkje så veldig hemmelig lenger...

Tusen takk for ein perfekt pakke, Sommerfuglen!!

3 kommentarer:

Anonym sa...

Så flott pakke , det garnet så lekkert ut !

Josefine (HB)

Sommerfuglen sa...

Så kjekt å høre at pakken falt i smak :D
Ha en flott uke!

Anonym sa...

Det var en fin pakke! Nydelig farge på garnet, og så sjokolade da...... :o)