tirsdag 10. februar 2009

Dagens middag!

I dag hadde eg skulekjøkenmiddag! Ja, no heiter faget Mat og helse, men innhaldet er stort sett kjent.

Eg er ikkje lærar, men får vere med saman med ei gruppe 6. klassingar som skal lære å lage mat. Nokre av elevane har ikkje sett sine bein på kjøkenet heime før maten er på bordet, ser det ut til. Eit par av dei har forkynt at det "passar ikkje for dei å vaske opp"! Då slepp dei i alle fall IKKJE å vaske opp...

Dagens middag er ein lettlaga fiskerett.

FISK I LØK- OG PAPRIKASAUS

1/2 purre
1/2 paprika
2 ss margarin eller olje
1,5 ss kveitemjøl
1,5 dl vatn
1,5 dl fløte
1 terning fiskebuljong, evt. litt salt, om mannen din er like glad i salt som min:)

400 gr fiskefilet

Kutt purre og paprika i bitar, fres lett i steikepanna. Rør inn mjøl, og tilsett fiskebuljongterning, vatn og fløte. Kok opp sausen.
Skjer fisken i mindre bitar, og legg dei i sausen. La dei ligge der og trekke og kose seg medan du dekkjer bordet, eller i ca 10 minutt. Då skal dei vere kokte.

Server med poteter eller ris.

God apetitt!

5 kommentarer:

solveig sa...

Ein av mine favorittar! Vi hadde det her heime i går med vanleg løk!

Frau Putz sa...

Jeg undrer mig også nogen gange over unge mennesker, som aldrig har lært at lave mad...
Hvorfor får de ikke lov til at være med, når de er børn? De fleste børn elsker at lave mad, bage brød og kage - og tilmed vaske op.
Ja, det er lidt mere besværligt i starten, men der går ikke et lang tid, før de faktisk er en reel hjælp i køkkenet. Hvis man derimod starter for sent (Når man mener de er så store, så de bør hjælpe til) gider de absolut ikke.

arieldog sa...

Takk for tipset! Her i huset elskar ungane fisk, og dette er ein fin og enkel rett. Eg plar lage noko liknande med crème fraiche i staden for fløyte, og det går an å ha i meir grønsaker viss ein vil det. Greitt å ha ei base-oppskrift, og så variere etter lyst og innhald i kjøleskap.

AnitaK sa...

Takk for oppskrift, skal teste denne ved anledning, ja :)

Judit sa...

Her er vi veldig glad i fisk heile familien, men oppvasken kan vi alle styre oss for;-)