Fritidsgarnet skal bli tova ovnsvott og tova tøfler, og i tillegg har eg lyst på eit par sokkar til meg sjølv.
Det kan nok skje at eg plukkar ned litt meir frå loftet, men dette er i alle fall starten. Eg har ikkje lov til å starte enno! Det er offisiell start i kveld kl 18.00. Då smell strikkepinnane saman over store delar av landet;)
Dei som har meldt seg på, har ei "kvote" på 500 gram som skal strikkast så fort som mogleg, eller i alle fall fortare enn dei andre laga! Men eg kan strikke meir eller mindre, det er laget som skal fylle den samla kvota.
Litt dumt at Prinsessa må vente enda litt lenger på strikkebuksa si, for påbegynte prosjekt tel ikkje i konkurransen. Dermed vert det ein pause der!

Ikkje så strategisk å melde seg på slikt akkurat no, kanskje? Det er jo eit bursdagsselskap om nokre dagar, eg må lage litt kaker og diverse dill! Muffins har vi laga, dei ligg i frysaren og ventar på rosa glasur og pynt...

1 kommentar:
Heia Anlen! Denne var eg ikkje tøff nok til å melde meg på. Ha ei fin strikkevinterferieveke!
Legg inn en kommentar