søndag 1. mars 2009

Skjer det noko?

Her er eg igjen... Nokre dagar på hytta utan tilgang til internett er både behageleg og ubehageleg:)
Det er stor stas med ei langhelg i høgfjellet, dvs. Lesjaskog. Det var ganske mykje snø der, og i motsetning til her er det stabil snø. Her kan snøen kome fort og dra enda fortare. På Lesjaskog er det liksom ikkje så mykje å lure på. Viser kalendaren februar, er det snø. Så enkelt er det. Sidan det er så stabilt og kaldt, går det an å bygge store snøholer. Nokre er såpass ekstreme at dei lagar snøhotell...
Det er Bjorligard hotell som har ansvaret for denne fantastiske galskapen. Vi var med på omvisning, og det var ei fantastisk oppleving. Eg tok masse bilete, men fargane vert ikkje gjengitt rett. På bileta er alt synleg og kvitt, så vi får sjå alle dei flotte skulpturane som fyller dei 12 soveroma og fellesareal på snøhotellet. Det går an å få med litt av fargane dersom blitsen er kobla ut, men då vert det litt for utydeleg. Det var lys og fargar i snøen og isen mange stadar, men fargane er svake:) Dermed blir blitsen for sterk i forhold.

Dersom du vil vere litt vill, kan du overnatte her. Det er gode madrasser, men innetemperaturen er på -5 til -1, så eg vil anbefale litt klede i soveposen;)

Vi har kosa oss på hytta heile helga, med snøhole i meir normal størrelse, ski og akebrett.


Minstemor syns det er litt nifst å ake fort, så ho vil gjerne dra akebrettet. Også ned bakkane.... Og Prinsessa ser ikkje ut til å ha noko imot å bli dregen!

Eit par sokketøfler av restegarn frå forrige sokkepar:) Big Fabel. Dei er ganske gode!

Det er vakkert ute i seine nattetimar!

Prinsessa mi får vere med, ho feira 6-årsdagen sin for nokre dagar sidan.

3 kommentarer:

Anonym sa...

Er ikke snøhotellet flott , ja ? Det var bryllup der sist helg , morsomt :) (Var det Elisabeth , snødronninga vår , som var omviser ?)
Du skulle gitt meg et pip , så kunne vi tatt en kaffe mens dere var her , har vært hjemme hele ferien .

Josefine :)

Anonym sa...

Flotte vinterbilder, snøhotellet ser spennende ut. Ha en fin uke!

Maria sa...

Oi, dette såg veldig flott ut. Det blir aldri heilt det same på bilete, litt synd i grunn. Dette kjem nok til å hugsast av ungane! Ein gong bør ein kanskje prøve ei natt på snøhotell, om ikkje anna for å kurere frostpistar som meg som synest det er kaldt i senga innomhus. :)