mandag 23. mars 2009

Utfordring!


Min kjære Musikant har utfordra mora si med nokre spørsmål om blogging. Og så gløymde han å fortelle meg om det... Så no kjem svar-innlegget, ein månad etter at utfordringa vart gitt. Jaja, eg burde ha sett det sjølv, eg innser det!

1. Las du andre sine bloggar før du sjølv byrja å blogge?
Ja, andre hobbybloggar som eg fann gjennom hobbyboden!
Mimouna sin blogg vart inngangsporten til denne verda for min del. Eg såg ein link på eit babyforum, og surra meg vidare inn i bloggen til Mimouna, og derfrå var vegen kort til www.forum.hobbyboden.com

2. Kva likar du å blogge om?
Litt om mangt, mest om hobby :) Og så litt om familie, daglegliv, sukk og frustrasjonar, men mest positivt!

3. Kva likar du å lese om i bloggar?
Eigentleg det meste, men eg blir nok oftast sitande og lese i bloggar som har godt språk, fin lay-out, inspirasjon og bilde. Eg er glad i bloggarane på hobbyboden, der eg kan finne tips til ting eg kan lage!

4. Kva bloggar les du dagleg?
Varierer veldig! Dersom eg har god tid, er eg innom mange. Eg plukkar som oftast frå blogg-lista på sida mi, men eg kan også gjerne ta ei runde i det blå. Det er morsomt å klikke seg vidare frå ein blogg til den neste, og då veit du aldri kvar du endar!

Dersom eg har lite tid, vert det gjerne til eit par besøk hos dei som har siste oppdateringane på lista.

5. Favorittbloggar?
Det er nesten uråd å velge! Det er jo nettopp den store mengda av ulike bloggar som gjer at det er morsomt å vandre rundt i bloggverda! Men om eg skal velge, kan eg gjerne plukke ut to:
Mimouna,
Ronille

6. Lager du blogginnlegga dine før du skriv dei?
Nei, er det eit alternativ? Må jo tenke etterkvart, vel??
Eg brukte aldri å vere så glad i å kladde stilar på skulen heller....

7. Har du nokon gong ynskt at du var eit dyr? Kva for eitt?
Eg trur eg har det best som meg sjølv. Men ok, ein katt kan ha det fint!

8. Er “dagens outfit” gøy?
Hæ? Eg har ikkje så mange gøye antrekk, trur eg.

9. Tagg 4 andre bloggar, og skriv kven du har vorte tagga av.

Utfordringa kom som sagt frå Musikanten.

Eg sender den vidare til desse 4:
Andrea, Mimouna, ToveLisbeth og Ilje

2 kommentarer:

Andrea sa...

Takk for utfordringa, skal ta den til helga. Har bedre tid da. Ha en fin uke!

Anonym sa...

Åh, takk! Skal svare på denne, men jeg er litt treig for tiden.

Så artig at du fant veien inn til HB via meg. Og så på et babyforum da. Den ble jeg litt nysgjerrig på.

Blogging er utrolig spennende, for meg åpnet det en helt ny verden. Og gjorde at klokken burde utvides med minst et par timer. ;o)