lørdag 25. april 2009

Kjole som svingar

Eg har to kjolejenter i huset. I alle fall er dei ivrige etter å ha på seg kjole eller skjørt, og gullungen syns at kjolen skal SVINGE. Dermed er mange smalare kjolar og skjørt lite attraktive.

Ho har eit absolutt favorittplagg, og det er ein mørk blå kjole. (Blogga i juni 08) No har ho to av ca same type.
Garnet er på veg ut, så butikken hadde berre litt igjen. Mandarin Fiesta er lett å ha med å gjere, og det går fort å strikke ein enkel kjole av det. Den andre kjolen har heldt seg fin, trass i at den har blitt vaska og tromla mange gongar! Oppskrifta er frå Alt om Håndarbeide. Denne kjolen er litt sjølvstendig i forhold til oppskrifta, men fasongen er lik.

Det vert nok turkis kjole når kleda skal plukkast ut om nokre timar;)

6 kommentarer:

KRØLLEMIKKEL sa...

Kan tenke meg at jenta som skal ha den blir fornøyd! Den var kjempefin! God helg!

Petronella sa...

Nydelig kjole. Og, ja det ser svært fristende ut med potetkaker :-)

Ha ei flott helg

Annika sa...

For nokre nydlige kjola!
Skulle ønske ej også hadde tolmod til å strikke so flotte plagg!

God helg:)

mimouna sa...

Flott kjole med sving i! Kjekt å ha en mamma som kan trylle fram slike ting.

Greta sa...

Skikkelig stilig kjole. Skjønner godt at den lille vil ha slike kjoler. Det verdt nok ein favoritt det der

Elin sa...

Kjempefin kjole i nydelig farge!
Hun blir nok veldig fornøyd nå, jenta:-)