torsdag 16. juli 2009

Jazzfestival i Molde

Denne veka er det full rulle i Molde! Og Musikanten min, han på 18, er der heile veka. Han har meldt seg som arbeidskraft i bytte mot dagspass, så han kan sleppe inn på alt han vil av konsertar. Dersom det ikkje er utselt, sjølvsagt:) Her kan du besøke Moldejazz på deira eiga side

I dag var vi der også, men berre på dagsbesøk. I fint ver er det koselig å gå i gatene blant alle dei andre som er der! Ein haug gatemusikantar, med panfløyter og indianarfjør, eller med gitar/munnspel/slagverk på ein gong. Eit lite knippe damer som "deler ut" blomster for deretter å ville ha godt betalt for dei. Og mange hyggelige gjestar og fastbuande.

Vi var der saman med 2 av systrene mine, pluss to menn og to born. Tilsaman vart vi 10 personar:) Vi vart tipsa på førehand om dei beste bollane i byen, og det stemmer sannsynlegvis: "fole godt" er ein plass du skal oppsøke dersom du er i byen. For dei som ikkje er så stø i lokale uttrykk kan eg oversette;) Fole godt betyr rett og slett veldig godt. Enklare kan det ikkje bli!

Vi fekk med oss teater, 1001 natt. Det var ei hyggeleg stund. Resten av gjengen dro på konsert med Timbuktu/ Madcon, men det droppa vi som har dei minste borna.

MEN: Det er ein absurd politikk i billettsystemet til Moldejazzen. Dei to tanteungane mine fekk ikkje sleppe inn utan å betale full pris på konserten. Dei går på barneskulen, og er dermed for gamle til å sleppe inn gratis. Og så er dei for unge til å få ungdomspris. Der står dei att med full pris, 370 kroner pr person. Er det mange som har råd til å ta med seg to born på konsert då?? Forstå det den som kan...

2 kommentarer:

solveig sa...

Det er alltid kjekt å ha seg ein Moldetur under jazzen. Born skulle i all fall kunne gå som ungdommar!
Når det gjeld utdeling av roser, sat Øystein og eg i ro i Roma og studerte metodane. Det var menn som gav til damer. Tre i flokk tok i mot og takka fint og gjekk vidare. Kva skjedde då? Jau, dei for etter dei og forlangte dei attende. Det var god underhaldning!

Annika sa...

Barnebillett og ungdomsbillett er ei litt trasi sak egentlig.

Det er nemlig slik at ungdomsbillettane blir refundert av staten, og då må aldersgrensa holdast. Om arrangør ønsker å ha full pris på alle, må dessverre born betale fullpris. Men dei burde nok helst hatt ein barnebillett då, når dei har gratis for nokon til og med...