fredag 24. juli 2009

Nokre glimt frå Tyrkia? Ver så god!

Vi har det framleis veldig flott:) Eg tenkte at eg kunne legge inn nokre bilete, slik at folk trur meg! Men eg tenkjer eg let bileta tale ein del for seg sjølv. Vi har vore på båttur, med ein båt for oss sjølve. Det var eg glad for då vi gjekk langs kaia etterpå. Der sat folk og venta i båtane, medan båtførarane ville ha fleire passasjerar før dei tok laust. Vi kosa oss, og kunne velge å gjere som vi ville. Då jentene ikkje hadde lyst til å bade i sjøen, var det berre å tøffe vidare. Og vi såg skilpadder! Store, flotte skilpadder:)




Vi kosar oss stort ved bassenget. Jentene nyt å vere i vatnet, og då er livet fint for alle;)



I dag gjekk eg rett på ein garnbutikk. Og det gjekk som det måtte gå. Eg berga nok dagsomsetninga til dama i butikken;) Ho ville gjerne at eg skulle bruke meir tid på å kike, for ho såg korleis det bar av garde... Eg plukka med meg 200 gram blåturkis bambusgarn, 300 gram kasjmir, 400 gram rosa blank bomull-viskose-blanding, og 100 gram morsomt garn med store pompongar i:) Og så litt knappar, og nokre søte små "englar" til jentepynt. Alt dette kosta meg 50 lire, eller 225 norske kroner.

8 kommentarer:

Petunia sa...

Så flotte feriebilder:) Eldstemann kommer hjem fra Tyrkia i morgen tidlig og har nok bilder å by på han også.
Vi har hatt hjemmeferie i år, men ha faktisk kost oss med det også. Men vi kunne hatt litt mer sol da. Det har nok ikke vært mangelvare hos dere ser jeg:)

Tovepia sa...

Har vært i Tyrkia en gang, i Side, og storkoste meg, så jeg tenker dere har det flott. Og så heldig at du fant dette flotte garnet!! Dere var vel fornøyd både du ogg dama som solgte, tenker jeg;) Kos deg videre!

Pål André sa...

Ken so he gitt na pappa dinna sixpencen?

Petronella sa...

Koselige feriebilder - ser ut for at ferien var topp. Og at du fikk med deg nytt garn gjorde vel bare ferien enda mere vellykket, tenker jeg. Lykke til med strikkingen :-)

mimouna sa...

Så deilig ferie! Og litt nytt garne er også kjekt å få med seg. :o)

Irene sa...

Heldige du som er i sydenland. Ser ut som dere storkoser dere. Ønsker deg en kreativ helg!

Bodil sa...

I Alanya de har vore? Syns eg kjenner igjen "tårnet" ;) Deilig med borte-ferie :)

Stubbetufsa sa...

Nydelig feriested!
Jeg har noe til deg på bloggen min!
Kos deg!