fredag 10. juli 2009
Vil du ha kakeoppskrift?
Eg laga to slike suksessterter i går kveld, fordi dei er så fine å ha i frysaren dersom vi treng noko til gjestar.
Her kan du få oppskrifta: (eg dobla denne)
SUKSESSTERTE
250 gram mandlar
250 gram sukker
5 eggekviter
1 ts bakepulver
Mal mandlane. Pisk eggedosis av sukker og eggekvite. Bland alt saman til slutt.
Smør ei rund form langs kantane, legg bakepapir i botnen.
Steik på 175-200 grader, ca 45 minutt.
Så lagar du fyllet:
1 dl fløte
125 gram sukker
5 eggeplommar
150 gram smør eller margarin
1 ss vaniljesukker
Kok opp fløte og sukker under omrøring, ta av varmen og la det stå litt. Bland i eggeplommane. Kok opp igjen, rør jamt. Bland vaniljesukker og smør inn i kremen, rør til det smeltar. La fyllet kjøle seg godt ned, gjerne i kjøleskap. Då vert det stivt nok til at du kan smøre det på utsida av kaka. Dersom du er for utolmodig, vil kremen skli av kaka;)Kaka må også vere kald.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
4 kommentarer:
Det er år og dag sidan eg har laga denne kaka. Då skulle det vere to botnar på bakepapir, noko som er mykje meir tungvint. Eg fekk lyst til å lage denne varianten!
Små kaker er lite vits hos oss. Det må bli dobbel...
Takk for oppskrifta! Desverre så elsker jeg suksessterte!
En av de beste kakene jeg vet;) Sitter på hytta uten oppskrifta, så takk for den;) Ha ei kjempefin helg!
Denne kaka får jeg aldri til - kanskje oppskriften din vil lykkes? Nå fikk jeg i alle fall skikkelig lyst på suksessterte :-)
Pludrehanneklem
Legg inn en kommentar