onsdag 26. august 2009

Husmor!

No kjenner eg at eg har godt husmorpotensiale:) I kveld har eg fyrst vore på valkomitemøte for skulekorpset, og faktisk fått napp på eit par viktige plasseringar, og så har eg vore god husmor. Eller gammaldags husmor, kanskje. I alle fall har eg no brune fingrar, etter å ha delt og fjerna steinar på 2 kilo plommer frå eigen hage. Deretter vart det 5 glas med hermetiske plommer i Madeira. Det er snadder! Vanlige hermetiske plommer er også godt, men med Madeira, sirup, litt vatn og sitronskal i laken vert det nydelig!

Dessverre har kameraet mitt svikta meg.

Eg får ikkje bruke blitsen, så då vert det lite bilete... Om nokon har eit kjempetips til kva type kamera eg vil kjøpe, tek eg gjerne i mot!

1 kommentar:

mimouna sa...

Så flink du har vært! Jeg savner plommetreet vårt, det rotveltet for noen år siden. Hjemmelaget plommesyltetøy er deilig!