søndag 1. november 2009

Blåtur:)


Vi er så heldige at vi har eit par kollegaer som likar å ordne med koselige arrangement for oss som jobbar på skulen. I går hadde vi årets blåtur, dessverre med under halvparten av dei tilsette. Det var ein flott dag, og vi brukte stort sett heile dagen:) Vi møtte opp kl 13.00 på kaia, og vart køyrde via nokre omvegar til skulen vår. Litt overraska vart vi, men det var uvanlege aktivitetar der! Vi hadde eit variert og spennande opplegg, med inspirasjon frå Senkveld med Team Thomas og Team Harald. Vi hadde konkurranser innan kokkelering (vi måtte jo ha mat også), turn på air-track, song-konkurranse utan synging, innebandy, utskjering av graskar. Etter nokre timar på skulen vart vi leda ved hjelp av konvoluttar etc til ein gard med røykjestove, badestamp og nydelig tapas. Vi hadde rett og slett ein fantastisk dag!

1 kommentar:

Annika sa...

So kjekt med blåtur på eigen arbeidsplass då!