mandag 9. november 2009

...så trøtt...

Minstemor er så fryktelig trøtt av og til! I helga var ho snufsete og litt utilpass, men det gjekk greitt over. Likevel var det nok ein hard dag i barnehagen i dag. Medan mamma laga middag, somna ho på sofaen. Eg vekte henne og bar henne ut på kjøkenet, men det var ingen suksess. Humøret var rekorddårleg, ho ville ikkje site, ville ikkje ha mat, ville stort sett ingenting... Så eg let henne gå ned på golvet, og der la ho seg glatt ned og sov vidare. Jaja...


I går var det sjølvsagt fyrst cupfinale, heia AaFK!! Etterpå var vi på Bigsetmesse, ei messe med kunst, kultur og mat:) Musikanten spelte solo med Musikklaget Melshorn, og eg er jo sjølvsagt litt stolt. Elles var det mykje fint å sjå, ulike typer handarbeid, trearbeid, laks og spekepølser. Varmepumper,bilar og badestampar syns eg er litt for mykje på ein slik plass, men det er vel nokon som helst finn det også. Alt i alt er det sikkert bra at det er stor breidde i utvalet.

3 kommentarer:

Tovepia sa...

Stakkars, hun føler seg vel sikkert litt pjusk for tiden hun også;)
Håper formen blir bedre.'
Ha en finkveld og klem fra meg;)

arieldog sa...

Min Minstemann vart send heim to gonger sist veke fordi han var "sjuk" - men friskna fort til, faktisk før faren kom til skulen for å hente han... Elles somnar han på golvet rett som det er, og då let eg han berre sove. Det hender at mora søv middag òg.

Hobbymegher sa...

Ja, det var ei trøtt lita snuppe. Så søt. =)