lørdag 17. april 2010

Laurdagskveld på Ishavet


I kveld har eg vore med på noko spesielt. Vox Virorum hadde konsert saman med Strings Unlimited på dekk av ei ishavsskute! No ligg heldigvis ikkje skuta på ishavet, men i eit vernebygg ved Ishavsmuseet Aarvak, oppkalla etter skuta.
Vi fekk relativt god plass, det var plass til mykje meir folk der. Men eg trur at det inderleg dårlege veret gjorde at folk ikkje hadde lyst til å ta laust. Det er vanskeleg å få opp temperaturen i bygget, og det veit folk. Men arrangørane hadde jo venta at det skulle vere litt meir enn 4 grader ute i kveld... Det har sludda, regna, blese og stort sett vore kjedeleg ver.

Det er jo litt kult å arrangere konsert på skutedekk. Rett nok var det plass til publikum på sidene av båten også, men eg sat godt plassert framfor styrehuset.

Det var ikkje berre enkelt å arrangere konsert no, i desse vulkanske tider. Island og askeskyer var nemnt nokre gongar i løpet av kvelden... Strings-damene måtte ta bil frå Oslo istaden for fly, og ein av songarane sat askefast i Italia for nokre dagar sidan. Det var ein krevande operasjon å kome seg heim i tide til konserten! Dei fekk låne bil av far til ei av Strings-damene, så dei kom seg frå Oslo og heim. Faktisk kom songaren til øya 5 minutt før konserten starta!



4 kommentarer:

Greta sa...

Denne vulkanen på Island skaper utfordringer for mange.
spennde med konsert der på båten. Sikkert litt av ei oppleving. Tror nok det hadde vore for kaldt for undertegna, men sikkert flott.
Ha ein fin søndag i kulda

Fra det lille røde huset.. sa...

Du verden så kreative dere er!!! Skulle ønske jeg og koret jeg synger i,kunne ha kommet oss dit og hørt og sett på dere! De hadde vært artig det!
Det er så synd at folk ikke møter opp når det blir arrangert slike spesielle ting. For det blir lagt ned utallige timer til forberedelse, og øving!
Men de som kom fikk i hverfall en fin og god opplevelse, det er jeg helt sikker på!
Men selvfølgelig må været ta en del av skylda her hos dere nå,...og asken...
Ha en fin dag, ...og vær glad du synger i kor!!!!

Anlen sa...

Eg syng i kor, men ikkje i dette:)

Denne konserten var eg publikum!

Fra det lille røde huset.. sa...

Hehe jeg studerte ikke bildene godt nok, ser jeg.... For dette er kansje et mannskor?.... Men "skitt au".."Morro er det lell" - å synge i kor! Ha en fin dag!