torsdag 7. oktober 2010

Ej ska på sløng

Eg gler meg fryktelig til å reise til Oslo i morgon tidleg!!
Eg er også glad for å ha fått heim Musikanten min, som har budd i Oslo sidan august. Vi har ikkje sett han sidan då, og så skal eg reise bort når han endeleg kjem heim.... Uff...
Men eg er invitert i eit bursdagsselskap til ei venninne, og det er stas å få med seg.

Musikanten sa i utgangspunktet at han ikkje kom til å kome heim i haustferien, så då bestilte eg fly tidleg på dag, så eg skulle rekke å besøke han på Rønningen folkehøgskule. Så vart visst heimlengselen for stor, så han ville kome heim likevel. Eg ilte til med flybillett for å få han heim i kveld, for då ser eg han i det minste i kveld!

Det var stor gjensynsglede mellom dei to systrene og storebroren!

Og i morgon tidleg sit eg på flyet, med strikkepinnane klare. Eg har avtalt med Judit at vi skal surre rundt ei stund i morgon, og eg trur nok at det blir nokre butikkar involvert....

3 kommentarer:

AnnetteK sa...

God tur til Oslo!! Gleder meg til å se om du finner noe flott å shoppe ;)

Sidselsidserk sa...

God tur - kos deg. Akkurat nå er det litt grått her, men det ordner seg nok når du kommer:-)

Fru Keilegavlen sa...

God tur!!