lørdag 19. mars 2011

Eg er herved ein blodgjevar

Det var ei pussig oppleving å ligge i godstolen på blodbanken og sjå blodet mitt renne ut...

Eg var litt skjelven, mentalt. Men fysisk var det heilt ok;) Og så har eg fantastisk god samvittigheit over at eg kanskje kan bidra til å hjelpe nokon som treng litt ekstra blod.

Etterpå måtte eg ligge ein halvtime og vente før eg fekk gå, i tilfelle eg skulle svime av eller noko slikt. Det var eigentleg ganske greitt med ein påtvungen pause med avislesing og avslapping:)
Elles kan eg ikkje rapportere om noko ubehag i etterkant av tappinga, så då kan vi berre anbefale alle andre om å gjere det samme.
Lykke til!

PS: eg gjekk frå sjukehuset med ny paraply og sykkelreparasjonssett. To gåver sidan eg må ta ferje for å kome til sjukehuset! Bonus!

2 kommentarer:

Line Kristine sa...

Jeg er også blodgiver. Godt å kunne hjelpe til :)

Knutine sa...

Er også blodgiver,
men det er lenge siden jeg har gitt.
Kanskje jeg må minne på de at jeg fortsatt lever...
Men kjekt med praktiske gaver.

Ha en riktig god helg.

Mvh Wenche