mandag 8. august 2011

Fillekanin..... Høgt elska og litt hata...


Som mange blogglesarar kanskje har fått med seg, så har vi både katt og kanin og til og med akvariefisk. Fiskane er lette å halde orden på, det er berre å skifte litt vatn og slikt, så er dei fornøgde. (I dag har eg forresten gjort ein stor innsats for akvariet!)

Katten er også lett å glede. Så lenge han får kome inn og ete, og sove i vinduskarmen, er livet godt. Om vi skal vekk, flyttar han berre opp til foreldra mine til vi er tilbake.

Men kanina? Fysj, for eit sjarmerande uvesen... Trampe har passert to år, han er glad i Prinsessa, og er glad for å få mat og drikke. Når han får kome inn i huset, seier han takk for seg med å tisse i stolane. Så då må han vere på gangen (der det ikkje er stolar!) når Prinsessa ikkje styrer med han. For 5 dagar sidan vart døra ståande open, sidan det var så fint og varmt ver. Ikkje så smart... Det var nok ikkje heilt bevisst;)

Vi oppdaga ikkje at kanina var vekk før dagen etter, då det varierer kven som tek Trampe ut i buret sitt igjen etter eit besøk inne.

Men dei siste fire dagane har vi vore på jakt. Det er lett nok å vite kva område vi skal leite i, for han går alltid til same stad. Men å sjå denne vesle krabaten som gøymer seg, det er ikkje så lett. Og no har han blitt ganske vill! I går hadde vi han nesten, men i dag var det mykje vanskelegare å kome nær nok. Han har funne ein ypperleg gøymestad, under og innimellom nokre store stablar med pallar. Det er uråd å sjå kvar han er, og uråd å fange han.

Eg har snart lyst til å la vere å jakte meir.... Ei av damene som bur der han held til, sa i dag han sikkert ikkje likar seg hos oss;) Ho kan kanskje få han! Fillekanin.

3 kommentarer:

Stubbetufsa sa...

Vel, alt passer ikke like bra alltid!
Men kanskje ho naboen...?

Annika sa...

Beklager, eg må berre flire :)
Kanskje dokke må anlegge urtehage, då blir han sikkert verande i den ;)

Snakkast i kveld :)

Unknown sa...

Huff da, men må le litt likevel =D Kanskje du kan høre med Dyrebeskyttelsen om å få låne en kattefelle? Kanina bør vel inn i hus når det blir kaldere =)