lørdag 27. september 2008

Makramé

Eg laga eit armband for eit par veker sidan, og har no endeleg somla meg til å lage eit smykke som kan passe til. Det vart handla bittelitt perler og ulike typer "tråd" på Panduro då eg var i Oslo, så eg har litt å bruke opp.

Eg har ikkje heilt bestemt meg for kva lengde eg vil ha, så dette er eit kombinasjonssmykke:)

Det kan altså brukast to gongar rundt halsen, eller som eit veldig langt kjede.

I tillegg har eg lagt inn ei større perle i avslutninga, og kan i teorien veksle mellom å ha denne fram eller bak.
Det er litt meir perler på halskjedet, men det er jo samme type tråd og perler.

torsdag 25. september 2008

Jepp

Dette låg brått på pauseromet på jobben:) Eg syns det var litt herlig!

Elles har eg gjort ferdig pulsvarmarane for september. Frk.badegakk har mønsteret på kabelvantar her.Dette mønsteret er både lett og fint, kanskje eg skal bruke det til meir...
Eg har brukt dobbel alpakka. Deilig! Eg har ikkje bestemt meg for kva skjebne dei skal få enno: Reservegåvekassa eller til meg sjølv?

mandag 22. september 2008

Gensar til prinsessa;)

Supersalg på Topp t´tå-garn nylig medførte ein auke i garnkassene mine. Dermed måtte det verte eit prosjekt med litt størrelse. Prinsessa treng vel ikkje akkurat ny gensar, men det er kjekt å strikke...

Denne gensaren er ei blanding av fleire oppskrifter (som det ofte vert med meg), og litt ulike fargar måtte eg også ha. Den er så lang at den er nesten kjole, noko som i teorien passar bra til alle tights som fins i huset.

Eg tenkte at lilla, rosa og grått er fine fargar ilag. Og syns faktisk at resultatet vart OK.

Men som alle veit: prinsesser har eigen vilje... Og etter at eg nesten pressa jenta til å ta på seg gensaren, forkynte ho at den var "ikkje noke fin. Kanskje viss det hadde vore mørkerosa der den er grå.." Men kjem mor til å rekke opp att gensaren for å etterkome slike ynskje? Neppe:)

Slik låg gensaren etter at prinsessa forsvann på den kvite hesten. Og ikkje tru at ho står stille og tafatt og ventar på ein prins!!

Jaja.

søndag 21. september 2008

Søndagstur

I dag har det vore nydelig, varmt ver på Sunnmøre. Det må utnyttast! Vi tok ein liten tur med minstemor i beremeis. Jaja, ho klarer jo å gå korte stykke, men det er litt kjappare å kunne ta beremeisa på ryggen innimellom!

Prinsessa har strikkmotor, ho susar av garde i full fart, og så er det bom stopp etter ei stund. Men det skal ikkje lange pausen til før motoren er trekt opp att...

I dag fann vi massevis av bær! Blåbær, tyttebær og litt andre typer. Minstemor syns dette er fantastisk:) Eg veit at det ikkje er pent gjort å nappe av ein kvist av blåbærlyngen, men det var mykje der. Og det var dessuten ikkje eg som gjorde det, så det så!

Utsikta er flott, både på veg opp, og på veg ned på andre sida.

Over her er utsikta mot eit vatn på øya vår, men under ser vi utover sjøen og fjorden. Det er vakkert begge vegar, ikkja sant?

Kan du russisk?

Eg er ganske dårleg i russisk.

Så no lurer eg på kva som står på dette garnet....

Ei dame på hobbyboden trengte noko garn av ei bestemt type, og eg hadde tilfeldigvis eit slikt nøste. Så eg melde meg frivillig til å hjelpe. Vi utveksla adresser, og i går dumpa denne tingesten ned i postkassa mi. Det er eit 100 grams nøste, og det er uhorveleg tynt og mange meter langt... trur eg. I alle fall tolkar eg den russiske teksta til å bety 100 gram og 781 meter? yards? Kven veit??

Det ser ikkje ut til at garnet skal vaskast. Og det er faktisk stikkete. Litt som gammaldags ull, av den tynne typen? Men er det eigentleg noko anna? Det slitnar lett om eg prøver å slite det.

Så kva kan eg lage av dette, og kva er det??

Strikketreff i Ålesund

No har eg prøvd noko nytt: Eg har vore på strikketreff i Ålesund! Vi var ca 10 damer frå Hobbyboden som møttest på Lappestua laurdag ettermiddag, og eg kosa meg intenst! Det er rart å sjå kven som er "bak" nick og blogg! Nokre stemte ganske bra, men andre var ikkje heilt slik eg hadde tenkt...
Her er berre dårlege mobilbilde, for eg hadde ikkje hugsa å ta med kamera. Eg kan anbefale å besøke bloggen til ronille, ho har betre bilde:)Her er linken til ronille!

Vi skravla, strikka, åt litt søtsaker, og strikka enda meir. Eg var veldig flink, eg handla ingenting på heile Ålesundsturen! Med unntak av billetten til hurtigbåten. Det har vel ikkje skjedd før, og kjem sikkert ikkje til å skje igjen på lenge!



Det vart nokre timar, men altfor få, og eg har eit lite håp om at det skal bli treff igjen seinare. Då skal eg prøve å snike meg avgarde igjen:)

Eg må berre presentere Unni frå Brattvåg, med splitterny bok. Det er ei imponerende bok frå ei dame med stor kreativ evne! Englane og trolla ho lagar i boka er heilt knusbedårende:)

fredag 19. september 2008

Lenge sidan sist!

Eg er her enno:) Det har vore ei travel veke på mange måtar, men no er det på tide å oppdatere litt igjen. I det siste har eg strikka lite, enkelte dagar ingenting. Men eg har gjort mykje anna! I dag kom eg på at det er behov for kake til 2 årsbursdagsselskap om nokre veker. Glutenfri bløtkakebotn er ein fin ting, så kan svigerfar også få smake! I dag laga eg to, og så har eg fylt dei med vaniljekrem og jordbærkrem. No ligg 1,5 kake i frysaren, og så tek eg opp kake og har krem på utsida når behovet melder seg. Slik vert dei saftige og gode, og det har ingen effekt på smaken at dei har vore i frysaren.

Så vart eg inspirert til å rydde litt, og i dag var det leikene som fekk gjennomgå. Jentene har litt leiker i stova, og i dag rydda eg med hard hand, og kasta ein del. Håper dei ikkje oppdagar det!

Tidlegare i veka kom prinsessa med bøn i blikket og eit nydelig smil: "Kan vi bake bollar? Eg har lyst til at vi skal gjere noko sammen."
Går det an å seie nei til slikt? Så då vart det bollar. Minstemor er også ivrig, men mest på å ete deig. Deiga er betre enn dei ferdige bollane... Og prinsessa lagar alltid bittesmå bollar og andre kreative ting.




Min kjære farfar har ein bror i Stryn, som tydeligvis har meir enn nok plommer. Farfar har ei kasse med plommer på benken, og deler ut med raus hand. Så i kveld fiksa eg nokre glas med hermetiske plommer, så kan vi ha plommer til jul:)


Ute er det litt haustleg. Det får vi tåle, det er langt uti september! Men det er framleis små lyspunkt ute. Og nokre tydelege haustteikn....

Dette skal visst bli kake. Eller suppe. Bra at jenta ikkje tør å smake!!


Her er det derimot lov å smake! Og månedsjordbæra blomstrar enno! Det er vel ganske imponerende, eller?


Eg er så fornøgd med blomster som klarer å styre seg sjølv, og som i tillegg er vakre. Desse har stort sett vore fulle av blomster heile sommaren. Eg skal ha fleire slike!

Rosene er ikkje fulle av blomster, dei klarer seg med å levere ein eller to roser om gongen. Men jammen er dei vakre når dei står der!



Elles har eg falt for ein fristelse igjen.... Det måtte berre bli ein orkide. Den eine eg har hatt, står no på soveromet og har vinterferie.




Denne har stått ute og sett på gjestane i heile sommar, og er nesten like fin. Det skuldast ikkje at eg har grøne fingrar, men eg er takknemlig!

søndag 14. september 2008

Å nei! Leiteaksjon og triste saker! (Med oppdatering)

Vi hadde ein flott dag i dag, med svigerfamilien på tur med Hurtigruta frå Ålesund til Geiranger og tilbake. Vi feira 40-års bryllupsdag, med god mat og flott ver, det kan ikkje bli betre:)

Men så kom sjokkmeldinga på heimvegen: Eit søskenbarn av mannen min, ein kjekk ung mann på vel 30 år, er sakna. Ingen har sett han sidan han forlot ein utestad laurdagsnatta kl halv to. Mobilen er slått av, og han er ikkje å finne. I dag har slekt og vener leita overalt, og ingen anar kva som kan ha skjedd. Det var totalt uventa at han skulle ha rota seg vekk, så vi går i spenning alle mann.

I morgon skal visst kystvakta leite ved hamna, og mannen min har gjort seg klar til å bli med på leiteaksjon på land i morgon tidleg. Vi tør ikkje å tenke, og klarer ikkje å la vere. No er det berre å gå til sengs og samle kreftene til morgonlyset kjem. Send nokre gode tankar, det kan trengast!

Siste i saka:
Leiteaksjonen vart avslutta i ettermiddag, etter at han vart funnen omkomen i fjøresteinane på ei naboøy. Han har truleg ramla i sjøen, og etter eit og eit halvt døgn vart han altså funnen eit godt stykke unna.

Det er trass alt bra at han er funnen, å ikkje vite er grusomt. Så vert det nokre rare dagar, men det får gå bra!
Moralen er: Ta vare på kvar dag som om det var din siste, det kan bli rett før du anar det.

fredag 12. september 2008

Hemmelig venn!

Eg har fått pakke, og det lenge før eg hadde venta det:) Eg har prøvd å lære meg å vente på pakken min i slutten av månaden, for å ikkje bli skuffa... Så då pakken låg i postkassa i dag, trudde eg nesten ikkje at det var sant!

Eg var på tur i dag og handla til min hemmelige venn, så eg ligg rett bak i løypa.

I denne pakken fann eg eit nydelig nytt garn, Rosendahl i nydelige rosafargar. Og eit rosa bomullsgarn, begge er ser ut til å ha ganske raske fargeskift. Dei matchar så lekkert:)
Eg fekk også nokre posar te, og ein tøff knapp.

Flott gåve frå ein hemmelig venn eit stykke nordover i landet...

onsdag 10. september 2008

Gode husmødre bakar brød. Eg bakar brød. Ergo...

Er eg ei god husmor?? I går vart det jammen baka 10 brød! Er du like imponert som gubben? Han vart så glad for å få heimebaka brød etter overtid at middagen som skulle varmast vart "gløymt"....

Eg hadde litt garn igjen etter sokkane eg strikka i helga. Så då vart det eit panneband, hekla etter fantasien. Det er litt smalare bak, og med påsydde blomster som eg fekk av ein hemmeleg venn for ganske lenge sidan:)

søndag 7. september 2008

Ei fantastisk helg! Igjen:)

Denne helga har vore ein god miks av å lære litt, vere sosial og slappe av på mange vis. Eit kurs i Oslo torsdag og fredag må gjerne kombinerast med noko meir, ikkje sant? Det er maaaange år sidan eg var på tur i hovedstaden uten å ha med familien på slep! Denne helga var mor åleine på tur;)

Husbonden fekk teste ut litt sjølv, og eg kosa meg!

Det vart ei nydelig helg, med overnatting hos ei god venninne frå ungdomsåra. Judit har blitt med meg i hobbyboden også.... Og i tillegg til å få bu hos ei venninne, kom dei andre på løpande band. Laurdag var vi samla 5 stykker, med nokre born og ein mann som bonus. Det vart mykje prat i mange timar:)

Sjølvsagt fekk vi strikka litt innimellom også...

Flyet heim korresponderte dårleg med båten som skal ta meg siste etappe. Så eg fekk nokre timar i Ålesund. Då vart det ein tur opp til Fjellstova. Det er 418 trappetrinn opp. Og ein del veg i tillegg. Eg fekk opp pulsen på turen, kan du seie.
Utsikta frå toppen er verdt turen. Og så er det jo bra med litt trim, ikkje sant?


Eg har endeleg gjort ferdig eit par gryteklutar. Det har eg hatt hengane over meg i lengre tid... Så her er dei. Strikka i smårute-mønster, med ein hekla kant rundt til slutt.

Eit par sokkar i størrelse ca 35, av multifarga Viking Sportsragg.


Og sjå her: Eit makrame-armband! Det er det fyrste eg har laga av makrame på minst 25 år! Men med Trondheimsstuderende småsystre på sommarbesøk kom inspirasjonen strøymande på! Det vert nok fleire smykke og denslags....

tirsdag 2. september 2008

Oj, no vart det mykje meir garn her!

Nille har 50% på ein del garn som dei skal slutte å ha. Det er litt ille:) For eg burde ikkje kjøpe masse garn uten å ha ein klar plan for kva eg skal bruke det til!! Det vart eit utval av Topp t`tå, i grått, rosa og lilla. Det skal truleg bli ullbukse til ei av eller begge jentene.
I tillegg plukka meg med meg litt babyull, i fargar som kan passe til lue til ein kar. Dersom det skal verte lue, kan det nok bli dobbel tråd, for dette er jo ganske tynt.

Eg har strikka ein klut til! Eg var i tvil om det var ein gryteklut, men med tynt bomullsgarn og pinnar 2,5 er det nok ein klut, ja. Gryteklutane får eg lage seinare:)

mandag 1. september 2008

Er det haust no?

Kalenderen viser 1. september. Det høyrest veldig haustleg ut, ikkje sant?

Eg stiller med kakao når hauststormane kjem:) I dag er det sol frå nesten heilt blå himmel, så i dag er det fin haust! Nesten sommar, faktisk.

Eg skal ha ei herleg veke! I morgon skal eg på kurs, og torsdag og fredag skal eg på konferanse i Oslo og til og med bu på hotell. Og enda betre er det at eg skal besøke Judit i etterkant av konferansen, eg har avtalt å bu der frå fredag til søndag! Høyrest ikkje så verst ut, dette?

Eg har ikkje vore på slike konferanser før, så eg er litt spent. Det er FO som inviterer. FO er forkortelsen til Fellesorganisasjonen for barnevernpedagoger, sosionomer og vernepleiere. Eg syns det er logisk at FO må brukast i det daglege;)

Endeleg får eg vere med på ei konferanse for FO-arar i skulen. Det må bli bra!